Human-Etisk Forbund blir invitert til å seie si meining, men ikkje Den norske kyrkja: – Uforståeleg

OPPLÆRINGSLOV: Kyrkjerådsdirektøren meiner det er uforståeleg at Human-Etisk Forbund, som einaste trus- og livssynssamfunn, er invitert som høyringsinstans til ny opplæringslov. – Det offentlege må skjerpe seg, meiner direktøren.

Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet.
SPESIELT: – Viss du berre skal invitere eitt trus- og livssynssamfunn er det spesielt å velge eit av dei små, meiner Ingrid Vad Nilsen, direktør i Kirkerådet, om at berre Human-Etisk Forbund er invitert som høyringsinstans på den nye opplæringslova.
Publisert Sist oppdatert

– HEF er høyringsinstans, men ikkje DNK, forstå det den som kan. Det er heilt uforståeleg. Korleis kan ein koma på tanken?, spør kyrkjerådsdirektør i Den norske kyrkja (DNK), Ingrid Vad Nilsen.

Førre veke sende regjeringa forslag til ny opplæringslov på høyring. I tre nye paragrafar blir forbodet mot forkynning i skuleundervisning presisert, og retten til fritak frå aktivitetar på grunn av livssyn utvida.

Av over 130 høyringsinstansar som er inviterte til å koma med innspel, er Human-Etisk Forbund (HEF) det einaste trus- eller livssynssamfunnet som er representert.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS