Biskopen om organistsaka i Agder: – Hadde vore nyttig med ei juridisk avklaring

DEN NORSKE KYRKJA: Både biskopen i Agder og Telemark og leiar for Åpen folkekirke i bispedømet meiner det ville vore interessant å få avklart om det er lovleg å ikkje tilsetje organist på grunn av samlivsform.

FORSKJELLSBEHANDLING: Biskop i Agder og Telemark, Stein Reinertsen er interessert i å få greie på korleis den teologiske grunngjevinga må vera for å kunne forskjellsbehandle under tilsetjingar.
Publisert Sist oppdatert

Organist Rune Hauan har tidlegare fått vite at grunnen til at han ikkje fekk speleoppdrag i Hægebostad og Eiken menigheter er at han er homofil og har sambuar. No trengs ein ny organist, og Hauan seier han vurderer å søke jobben.

Men kan dei nekte han jobben på bakgrunn av samlivsform? Det kjem an på om stillinga blir vurdert til å ha ein «religiøs funksjon».

Likestillings- og diskrimineringsombodet har sagt til Fædrelandsvennen at ingen liknande saker har vore oppe for norske domstolar eller Diskrimineringsnemnda, og at det derfor er vanskeleg å gje eit svar på om praksisen er lovleg.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS