Lyset i språket
Terje Dragseths Jeg skriver språket er eit imponerande langdikt om skrift, historie, samtid og framtid frå ein av våre mest talentfulle poetar.
«Jeg skriver språket/ altså er jeg», heiter det likevel hos Dragseth, med ei klår tilvising til René Descartes «jeg tenker, altså er jeg». I det store og heile er ei imponerande godt gjennomført diktbok, meiner vår meldar.
Cappelen Damm / Blunderbuss / Anna-Julia Granberg
Det store gjennombrotet for Terje Dragseth som poet kom med Bella Blu: Håndbok for verdensrommet i 2012. Det var ei på alle måtar stor bok, omfangsrik og ruvande av utfordrande innhald i denne lyriske ferda ut i det endelause romet.
Årets diktsamling – eller rettare: langdikt - er ikkje like omfangsrik, men ikkje mindre insisterande på fasthaldinga av det som er Dragseths hovudsak: språket. Sjølv om Bella Blu var ei romskipsforteljing, fjernt i slekt med Harry Martinssons Aniara, las eg boka meir som ei språkundersøking enn som odyssé. Jeg skriver språket er mindre forteljande, men ho er resultatet av ei hektisk skaping i form av ei rad språklege punktnedslag i tid og rom.
LES OGSÅ: Forfatter Erland Kiøsterud tror folk sier «Gud» mye oftere enn de er klar over
Bestill abonnement her
KJØP