Kampen om å bli helt i eige liv
ANMELDELSE: Barbara Kingsolvers nyaste roman ei medrivande skildring av fattigdom, rasisme og opiatmisbruk
Demon
Evan Kafka
I Barbara Kingsolvers bestseljande mursteinsroman fortel hovudpersonen, som eigentleg heiter Damon Fields, om sitt trøblete liv og oppvekst i Appalachia i USA. Trøblete er strengt tatt berre forbokstaven.
For Appalachene er eit fjellområde med ein rik og mangfaldig kultur, prega av stor fattigdom, ein stad for folk som elles i landet blir omtalt som hillbillies og rednecks. Damon sin avdøde far var melungeon, som folk med folk med afrikanske, europeiske og urfolksrøter røter blir kalla. Damon arva det kopparraude håret frå faren som allereie var død då Damon blir født i husvogna til den unge rusavhengige mora.
Heilt frå starten er vår unge helt avhengig av gode naboar for å overleve. Akkurat som ein kjent romanfigur 150 år før, kjem han ut av mors liv i fosterhinna som i folkeleg tradisjon er kalla seierskjorta. Det er eit av dei få teikna på at det kanskje skal gå bra med han.