Inn i døden med barna
I juleboka Klokkerens evangelium tek Gaute Heivoll oss med inn i dødsriket utan at det blir skremmande. Det blir nesten litt kjedeleg.
Korleis snakke med barn om døden? ber ikkje i seg verken mystikken eller vondskapen som så mange barn fargar dødsriket med, men illustrasjonane greier å vise fram både det uforklarlege og skremmande.
Illustrasjon frå boka/Brendenbekk
Bibliotekarar får ofte spørsmålet: Har du ei bok for barn om døden?
Det er ikkje så rart. Besteforeldre er ved slutten av livet, foreldre eller nære slektningar kan bli råka av alvorleg sjukdom eller ulukke. Å vere barn er å forstå at både livet og døden er noko som vaksne ikkje har ord for.
Ein bibliotekar vil kunne vise til klassikarar, som Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren, der brørne kjem til Nangijala, eller det febersjuke barnet som dreg til alvekongen i «Erlkönig» av Goethe. Men det har òg dukka opp fleire moderne barnebøker som tek for seg døden. Årets Klokkerens evangelium, skrive av Gaute Heivoll og illustrert av Børge Bredenbekk, er ei julebok i 24 kapittel, ei luke for kvar dag i desember. Ho går inn i ein rik tradisjonen, og er eit godt korreks til dei generiske, populære og rikt illustrerte julebøkene som blir bydde fram i bokhandlane.
Bestill abonnement her
KJØP