– Halfons sannigar og løgnar er stor og lesverdig litteratur
Om menneska i Eduardo Halfons bøker ikkje finn det dei leitar etter, finn dei mykje anna på vegen.
FALSKE MINNE: Halfons forfattarskap er full av eksempel på slike sanningar som gjer det mogleg å forstå historia og å skape identitet, sanningar som ved nærmare ettersyn viser seg å vere falske minne og illusjonar, skriv Rolv Nøtvik Jakobsen.
Picasa
I ei sentral scene i romanen Kloster fortel hovudpersonen om ein tilbakevendande draum: Ein terrorist vil skyte han fordi han er jøde. Han benektar det eller svarer på arabisk med ord han har lært av sin libanesiske bestefar. Kloster er ein kort og innhaldsmetta roman om historias betydning, om løgn, sanning og identitet. Eller, med andre ord, om kva det er å vere menneske.
Det som skjer i staden
I mange bøker utgjer dei første setningane saman med boktittelen ein kontrakt og eit løfte om kva du som lesar har i vente. Kloster startar med å fortelje om to brødre som motvillig er i Tel Aviv for å vere med på søsteras ortodokse bryllup. Det viser seg at brudgommens slekt ikkje er ortodokse jødar og ikkje kjem i bryllupet. Det gjer heller ikkje eg-forteljaren. Han blir i staden innhenta av si eiga historie, av ei jødisk flyvertinne han tilfeldig møtte på ein skotsk bar i Guatemala for lenge sidan. I staden for ei eksotisk bryllupsskildring, får lesaren greie på noko av det som skjedde når dei to dreg rundt for å utforske landet og kvarandre.
Bestill abonnement her
KJØP