Ein nådig Gud
ANMELDELSE: Marilynne Robinson gir oss ei innsiktsfull og kristen lesing av Første Mosebok, men blir lesinga for triumferande?
NÅDE: Der hemn ville vore det naturlege, både i møte med Adam, Kain og Noah, der viser Gud nåde ved å unnlate å forminske desse menneska sin status. Det er menneska som driv med hemn, skriv Robinson i si nye bok «I begynnelsen».
Alec Soth/Magnum Photos
Marilynne Robinson, gjerne omtalt som aktuell kandidat til Nobels litteraturpris, begynner si lesing av Første Mosebok med å slå fast at Bibelen er «en gjennomtenkning av det ondes problem».
Den innleiande påstanden blir kjapt følgt opp av ei innrømming: Gitt at dette stemmer, skriv Robinson, så er Bibelen eit slags forsøk på å komme til rette med menneskelivets erfarte mørke og Guds godhet.
Her er det etter mitt skjøn rettare å seie at denne innleiande påstanden er eit innsteg, eller det vi kan kalla eit leseperspektiv. For i Marilynne Robinson si bibellesing finst ein påfallande tilbøyelegheit til å villa forsvara, eller kanskje kan ein heller seia koma overeins med Bibelens Gud.