Å romme naturen

Casper André Luggs dikt er som opne bønerom i Guds frie natur.

Få norske diktarar skriv for tida like åndfullt og interessant som Casper André Lugg, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Skrivearbeidet kan liknast med bøna. Ein forfattar må til sjuande og sist gi seg hen til noko, ikkje heile vegen tvihalde på sin eigen kontroll. I Casper André Luggs dikting inngår bøna i ein symbiose med naturen, slik Gud i kristen forståing både står bak og er ein del av skaparverket, alle tings oppretthaldar. Dikta hans er som opne bønerom i Guds frie natur, noko han i den nye diktsamlinga Tilgi det virkeliges blomstring etablerer på første side: «stille mellom bønnen lever / skogen linn og ask og lønn / det er lytt mellom diktet og verden»

Denne utvekslinga mellom poesien og naturen, mellom diktet og verda, får særs frukt­bare resultat hos Lugg. Det er sjeldan å lese dikt som er så opne mot det åndelege og samtidig så rotfesta i det menneskelege, i naturen. Og samtidig, som diktaren skriv, «vi er ikke ett med naturen / men vi kan romme den / som relasjon t i l g i v e l s e».

LES MEIR: – Tilgivelse handler ikke om å gi noe, men å la seg selv bli gitt

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP