«Utvandrerne» anmeldt: Gamle røter på ny mark

«Utvandrerne» er ei sterk filmforteljing med gudstru og identitet i brennpunktet. Regissør Erik Poppe lukkast svært godt i si sjølvstendige tilnærming til Vilhelm Mobergs klassiske roman.

Erik Poppes 'Utvandrerne'
PRISVINNER: Erik Poppes spelefilm «Utvandrerne» får Andreasprisen 2022. «Ei sterk filmforteljing med gudstru og identitet i brennpunktet», skriv juryleiar og filmkritikar Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Når ein nordmann går laus på ein av dei største klassikarane i den svenske skjønnlitteraturen, er det i utgangspunktet å be om bråk. Debatten om Erik Poppes Utvandrerne etter den svenske premieren for eit drygt halvår sidan, bar då også eit visst preg av dette. Vilhelm Mobergs omfattande romanverk, Utvandrer-tetralogien, er dessutan blitt filmatisert tidlegare, av den svenske meisterregissøren Jan Troell. Det skal ein porsjon mot til for å lage ein ny film med dette bakteppet.

Erik Poppe er ein regissør som vågar. Ikkje minst våger han, saman med manusforfattarane Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram Eliassen, å la dei religiøse trådane i Mobergs roman få god plass i filmen. Her bryt ulike formar for gudstru mot kvarandre på fleire vis, opplevd gjennom hovudpersonen i filmen, Kristina (Lisa Carlehed).

Kvinneleg hovudperson

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS