Undring og motstand

ANMELDELSE: I si nye bok set Wera Sæther spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar og oppfordrar til kamp mot naturøydelegging og mot overgrep mot enkeltmenneske.

Wera
ENGASJERT: – Eg trur det skal godt gjerast å lese «et essay i gud» utan å bli engasjert, kanskje også provosert og kome på sporet av andre måtar å leve på, skriver vår anmelder om Wera Sæthers nye bok.
Publisert Sist oppdatert

Wera Sæther debuterte allereie i 1973 med diktsamlinga Barnet og brødet og har etter den tid skrive meir enn femti bøker i ulike sjangrar: Reise-og barnebøker, romanar, sakprosa og omsetjingar.

Årets utgjeving, et essay i gud, tar utgangspunkt og kretsar rundt ei oppleving forfattaren hadde som tjueåring ved eit tre på Sørlandet: Ho fall på kne og høyrde ord som gav livet etterpå retning og meining: «Nåde er, gå til den katolske kirken».

Det er ikkje heilt lett å bli klok på sjangeren til denne nye boka, med sine 73 delar og ein epilog. Det står «roman» etter tittelen og vi veit jo no at romansjangeren i seg sjølv korkje treng peike mot eit forløp eller at det nødvendigvis dreier seg om fiksjon. Forlaget seier at det dreier seg om «en indre selvbiografi i romans form». Eg veit ikkje kva ein indre sjølvbiografi er, men i dette opne landskapet mellom essay, roman og sjølvbiografi er det rimeleg å rekne med bokas «jeg» har mykje til felles med den biografiske Wera Sæther som vart født i 1945.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS