Storslått finale frå Lars Mytting
Lars Mytting samlar trådane i eit heiltstøypt storverk om vevnad, kyrkjeklokker og minne.
MYSTIKK OG MOTSTANDSKAMP: Lars Mytting innfrir til fulle i Skråpånatta, som er siste del i en trilogi om et bygdesamfunn i Gudbrandsdalen.
Mathias Fossum
Ventetida er over. Siste bindet av Lars Myttings Hekne-trilogi er no i bokhandelen. Bør du lese ho? Eg er ikkje i tvil: Set du pris på velskrivne romanar med intens spenning, full av replikkar som sit som ordspråk – og med eit vell av historisk og teknologisk kunnskap som dei fleste kan lære noko nytt av, er svaret, utan atterhald: Ja.
Svært mange har allereie lese Søsterklokkene og Hekneveven, og veit kva eg snakkar om. Dei som ikkje har gjort det, bør nok lese dei to tidlegare bøkene først. For Skråpånatta er ikkje eit frittståande verk, men ei avslutning som samlar trådane som allereie er lagt ut, og som gir uventa svar på dei spørsmåla som er stilt. Fleire av oss som har lese dei to første binda, kan nesten kjenne på litt misunning mot dei som kan få det heile i eit strekk og for første gong.
Det siste bindet skuffar altså ikkje. Det er, om mogleg, enno betre enn dei to første.
Bestill abonnement her
KJØP