Springande og svakt frå Ali Smith

Der orda blir gjenstand for kontroll, er diktaturet ikkje langt unna. Språkleik kan vere redninga. Men Ali Smiths gode idear bukkar under i eksperimentering og lånte fjør.

LUKKAST IKKJE: Den skotske forfattaren Ali Smith skaper ei lovande glipe for seg sjølv, men lukkast ikkje denne gongen med å la lyset strøyme fram frå forteljinga, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Ali Smith er ein forfattar som ofte blir nemnt blant dei fremste litterære stemmene i Europa. Ikkje minst har ho hausta mange lovord for årstidskvartetten – dei fire romanane som kom ut mellom 2016 og 2020, med titlar etter dei fire årstidene.

Det var derfor med ei viss forventing eg plukka opp den nye romanen Gliff, som lik dei førre av Smiths bøker tek for seg tema som er svært relevante i vår tid. Smith skriv om eit søskenpar som høyer til dei såkalla «uverifiserte» – ikkje slike som manglar eit blått merke på Instagram eller X, men personar som har hamna utanfor det digitale offentlege systemet. Papirlause, sagt på analogt.

Dei uverifiserte søskena Briar og Rose, begge med namn etter rosebuskar, må klare seg sjølve når mora forlét dei – tilsynelatande for å ta ein jobb i utlandet. Moglegvis blir den opportune kvinna i staden sendt i eksil av styresmaktene, men dette er ope for tolking. Barna blir i første omgang tekne hand om av Leif, kjærasten til mora, ein fyr som raskt forsvinn ut av biletet. Dermed står søskena åleine, og må navigere i eit samfunn som skal førestille eit Storbritannia i nær framtid.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS