Sonen si bok om Marie Takvam er ærleg, slik dikta hennar er det
Respekten stig under lesinga av Magnus Takvams bok om mora, poeten Marie Takvam, sjølv om vi også får sjå skuggesidene av livet ho levde.
LIV OG SKRIFT: Forfatter Marie Takvam hjemme på Keyserløkka i Oslo i 1959, sju år etter debuten som 25-åring i 1952.
Alt for damene. Fotograf ukjent.
Marie Takvam (1926- 2008) var ein av dei viktigaste lyrikarane i sin generasjon. Men der andre femti-talslyrikarar som Arnold Eidslott, Paal Brekke, Erling Christie, i hovudsak var kjende for det dei skreiv, og stundom debatterte, vart Marie Takvam ofte vel så kjend for biografiske forhold, knytt til rus og kriser – i tillegg til ei nakenscene i ein Løkkeberg-film. Den seriøse drøftinga av dikta hennar startar difor ofte med å gjera opp med forenkla biografiske lesingar.
No har Magnus Takvam, som vi kjenner som ein sindig og reflektert politisk kommentator, skrive ei bok der det biografiske naturleg nok er sentrum. Som tittelen seier, er det sonen si forteljing om mora vi får presentert. Då får det biografiske ein heilt annan funksjon enn det har hatt i tabloid-pressa. Forfattaren skifter heile tida mellom samvitsfull dokumentasjon og eigne minner, såre og gode. Med denne boka får vi ein kunnskap om livet til Marie Takvam som gjer at vi lettare kan sjå når biografien er relevant som bakgrunn for dikta, og når den berre forstyrrar. Men Magnus Takvam fortel også mykje om seg sjølv, sitt eige forhold til oppveksten og korleis han heile livet har vore knytt til mora – ei varm, impulsiv og periodevis kriseprega kvinne.
Fire skilje