Ramsalt og kjenslevart frå Øyvind Rangøy
Uvanleg sterk diktdebut med ramsalte bilete frå eit blåsande øysamfunn og eksistensielle spørsmål om liv og død.
VIND OG HAV: Øyvind Rangøy har i god, gamaldags meining skrive ei diktsamling med dikt som toler å stå for seg sjølv. Dødsbu er hans første bok på norsk.
Asko Künnap
Her byrjar eg med konklusjonen: Eg skriv om ei diktsamling av ein debutant, Øyvind Rangøy, som er den beste eg har lese på lange tider. Som norsk debut er dette den mest løfterike sidan Steinar Opstads debutsamling, men ho er av ei heilt anna legering.
Han har òg ein særeigen debutantbakgrunn: Dette hans andre debut, den første var ei samling som han sjølv skreiv på estisk i 2019, utgjeven i Estland og som resulterte i at han fekk den estiske debutantprisen, tilsvarande norske Vesaas-prisen.
Heim til gravferd
Bestill abonnement her
KJØP