Ramsalt, medrivande og sann historisk krim
David Grann har gjort det igjen! Årets utgjeving, «Mytteriet på Wager», er veldokumentert historieforteljing og meir spennande enn dei fleste romanar.
HISTORISK SPENNING: David Grann har suksess med historisk krim om havari, mytteri og drap i den britiske marinen i 1740-åra. Stjerneregissør Martin Scorsese skal allerede ha kjøpt filmrettighetene til boka.
Rebecca Mansell
Den amerikanske journalisten og forfattaren David Grann gav ut i 2017 den storarta boka En amerikansk forbrytelse. Drapene i Osage County og dannelsen av FBI. Boka er velskrive og spennande som ein thriller, og basert på omfattande arkivarbeid, som etter kvart tar form av ei krimetterforsking. Det dreier seg om ei gløymt, til dels fortrengt, del av USAs nyare historie som vart til storfilmen Killers of the Flower Moon, regissert av Martin Scorsese og med stjerner som Leonardo DiCaprio og Robert De Niro i rollene.
Heilt annleis oppfølgjar
Grann har følgt opp suksessen med å skrive ei faktisk vel så god bok om noko heilt anna: Nemleg om havari, mytteri og tilmed drap i den britiske marinen i 1740-åra. Resultatet er ei vakker bok, med mykje bildemateriale og historiske kart, som også er basert på grundig kjeldegransking i eit uventa godt dokumentert hendingsforløp.