NRKs julekalender: «Flautt, vanedannande og fellesskapsstyrkande»
Å sjå NRKs julekalender for vaksne er som å vere tilbake på ungdomskveld på bedehuset. Det er flautt, vanedannande og fellesskapsstyrkande.
Denne gjengen var med frå starten i NRKs «24-stjernes julekalender». Frå venstre: Magnus Devold, Lamin Frank, Katarina Flatland, Benjamin Baarli Silseth, Helle Nordby, Torjus Tveiten, Hani Hussein, Ole Rolfsrud, Agnete Husebye, Håvard Lilleheie, Fanny Odden, Alexander Støckl, Emilie Skolmen, Chand Torsvik, Carina Dahl, John Brungot, Jenny Jenssen, Ahmed Mamow, Andreas Haukeland, Bjørn Johann Rief, Arin Soltanpanah, Ellen Horn, Henrik Farley, Sarah Natasha Melbye. Fremst: Programleiar Markus Neby.
Julia Marie Nagelstad / NRK/NTB
I desember har ein gjeng med norske kjendisar vore i sving på NRKs 24-stjerners julekalender. Under humoristisk vegleiing av Markus Neby og hans brokete arsenal av innhenta ekspertar er kjendisane blitt testa i ulike oppgåver som kan assosierast med jul. Dei har mellom anna krølla julegåveband, tent flest mogleg lys med éi fyrstikk, prøvd å snike seg stille heim frå julebord og løyst escape room med tematikk frå «Julekveldsvisa» av Alf Prøysen.
Kanskje er det litt flautt å innrømme, men eg er blitt avhengig av å følgje Neby og julestjernene hans gjennom adventa. Advent er jo først og fremst ei tid som peikar fram mot barnet i krubba på julenatta, men ei ørlita sideventing dreier seg også om kven av dei 24 stjernene som blir ståande att og lyse til slutt.
Den største stjerna