Nedstrippa La Traviata
Verdas mest spelte opera rykkar tett innpå det moderne livet i meisterregissør Tatjana Gürbacas tolking.
Rumenske Aurelia Florian er eit funn som Violetta i regissør Tatjana Gürbacas moderne tolking av Verdis opera. diskuterer det moderne fridomsomgrepet på ein måte som kan gjere dei argaste ideologane i partiet Høgre grøne av misunning, skriv kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Erik Berg
Giuseppe Verdis opera La Traviata har alle ingrediensar som skal til for å trone øvst på lista over dei mest populære i verda. Det handlar om elskande som ikkje kan få kvarandre, på grunn av samfunnsstand, sjukdom og svik. Operaen inneheld både gambling og duell. Og hovudpersonen Violetta er ein klassisk kombinasjon av hore og madonna, slik vi også finn han i tolkingar av Maria Magdalena i Bibelen, i Sonja hos Dostojevskij (romanen Forbrytelse og straff) og i Julia Roberts' rollefigur i den romantiske komedien Pretty Woman frå 1990.
Sistnemnte er bygd over same lesten som Verdis populære opera, nemleg 1800-talsforfattaren Alexandre Dumas den yngres – det var faren som skreiv Greven av Monte Cristo og De tre musketerer – roman Kameliadamen (1848) og ein teaterversjon av denne. Romanen handlar om selskapsdama Marguerite som lever eit dekadent luksusliv i Paris før ho forelskar seg i den unge Armand, ein person som låner biografiske trekk frå Alexandre Dumas d.y. sjølv. Selskapsdama Marguerite, som altså har fått namnet Violetta i Verdis opera, er inspirert av Dumas' elskarinne Marie Duplessis, som døydde av tuberkulose, 23 år gammal, eitt år før romanen kom ut.
Prostituert
Bestill abonnement her
KJØP