Mora hennar, Jean McConville, vart dregen ut av leilegheita i Belfast. Ho kom aldri tilbake.
Minna frå terroren i Nord-Irland forsvinn ikkje.
DEI TOK MORA: Helen McKendry viser fram eit familiefoto av mora Jean McConville og nokre av syskena. Jean McConville vart bortført frå heimen sin og drepen av IRA i 1972. Ingen enkelpersonar er blitt stilt til ansvar.
Peter Morrison
Belfast, 1972. Ein mørk desemberkveld kjem væpna og maskerte menn inn i leilegheita til Jean McConville og hennar ti born. Mannen Arthur har døydd av kreft berre få månader tidlegare. No er det 38-åringen Jean som skal få dødsdomen. Borna ser dei væpna mannfolka dra mora deira med seg ut av leilegheita, fleire av dei prøver å halde henne fast, hyler, skrik og protesterer. Det er til inga nytte. Heile nabolaget ser det som skjer, men alle veit kva som gjeld: Snu seg bort, late som dei aldri har sett kva som skjer, som om dei ikkje veit. Denne desemberkvelden vert dei ti borna foreldrelause, takka vere den irske terrororganisasjonen IRA sine interne retningslinjer om å drepe informantar i eigne rekker. Nøyaktig kva Jean McConville hadde informert om, kom aldri fram.
Opne sår
Sannsynlegvis vart tibarnsmora drepen på grunn av ei misforståing. Kanskje var ho informant for den britiske hæren. Kanskje var ho berre ei heilt vanleg katolsk åleinemor som strevde med å få kvardagen til å gå opp. Historia hennar er uansett symptomatisk for heile konflikten i Nord-Irland frå 1969 til Langfredagavtalen gjorde slutt på dei mest valdelege angrepa i 1998: Mykje av det som skjedde har ingen seinare fått gode svar på. Mange av dei ansvarlege har aldri blitt stilt til ansvar. Såra er framleis så opne og så vonde at konflikten lever i beste velgåande, berre utan dei mest alvorlege valdshandlingane.
Bestill abonnement her
KJØP