«Mektig og emosjonelt frå Nick Cave»
ANMELDELSE: Med det nye albumet «Wild God» står Nick Cave i eit fruktbart spenn mellom sorg, glede og håp, mellom desperasjon og frelse.
NY PLATE: Nick Cave har med «Wild God» laga eit mektig og emosjonelt album med sterkt symbolsk og religiøs biletbruk, skriv Vårt Lands meldar Alf Kjetil Walgermo.
Heiko Junge/NTB
Det seinaste tiåret har artisten Nick Cave vore igjennom fleire smertefulle tap. I 2016 døydde den femten år gamle sonen hans, Arthur, i ei tragisk fallulykke i Brighton. For to år sidan døydde sonen Jethro (31). Døden har gjort brutale innhogg i Caves liv. Å miste eit barn er noko av det verste ein som forelder kan oppleve. Og Cave har altså mista to.
For tre år sidan døydde også Anita Lane, som han var saman med i seks år som ung artist, då han var vokalist i den australske post-punk-bandet The Birthday Party.
Sorg og død har også tidlegare gjort vesentlege nedslag i Caves låtar. Det tekstlege universet hans har ofte vore mørkt, med ein underliggande desperasjon i alle ting. Også på den nye plata, Wild God, er desperasjonen nærverande. Like fullt tek Cave også eit langt steg i retning håpet, som fargar albumet i like stor grad som sorga og døden.