Lettfatteleg og presis danningsreise frå Rune Slagstad

Når Rune Slagstad fortel om kven som har forma han – frå Edvard Munch til Greta Thunberg – speglar han også tidsånda dei siste 50 åra.

VEGVISARAR: Edvard Munch, Jürgen Habermas og Greta Thunberg er blant Rune Slagstads «dannelsesagenter» – tenkarar og påverkarar som har vore med å forme dei store politiske, kulturelle og idéhistoriske debattane i Norge dei siste 50 åra.
Publisert Sist oppdatert

I flaumen av memoarbøker og sjølvbiografiar kan ein stundom drøyma om ein sjølvbiografi som ikkje nemner ordet «eg», og som handlar berre om det hovudpersonen har sett, høyrt og lese. Rune Slagstads Mine dannelsesagenter nærmar seg eit slikt ideal.

På same tid er det jo så absolutt ei bok om Rune Slagstad, og ikkje berre der han eksplisitt fortel om sitt forhold til folk han har møtt. Mange møter har gått føre seg berre i litteraturen, fordi ein god del av hans «dannelsesagenter» var døde då han vart fødd i 1945.

Filosofi og aktivisme

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP