«Kolbeinsøy» meldt: Eit kvileskjær for Birgisson
Bergsveinn Birgisson skildrar ei vill bilferd gjennom det islandske landskapet, som får karakter av eit sjelelandskap. Men forteljinga grip ikkje skikkeleg tak i lesaren.
ISLANDSK STORLEIK: Bergsveinn Birgisson er aktuell med romanen «Kolbeinsøy», som kom ut samstundes på norsk og islandsk. Boka er nok meir eit kvileskjær for forfattaren, som står bak storarta romanar som «Svar på brev frå Helga» og «Reisen til livsvannet», meiner meldar Knut Ødegård.
Helge Skodvin
Bergsveinn Birgisson er eit stort namn i islandsk samtidslitteratur.
Han har vore busett i Noreg i ei årrekkje og tok doktorgraden i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Forfattarskapen er mangslungen: faglitteratur, skjønnlitterær prosa og poesi.
Det er nok dei mange åra i Noreg som gjer at han no gjev ut roman samstundes på islandsk og norsk, og at den norske utgåva ikkje har nokon omsetjar som mellomledd.