Kjensler og skog i brann

ANMELDELSE: Den tyske regissøren Christian Petzold gir oss eit intenst og lågmælt drama med «Rød himmel». Men kor god er innsikta han formidlar om skapande prosessar?

Fra filmen Rød himmel av Christian Petzold
FORFATTAR: I filmen «Rød himmel av Christian Petzold møter vi blant andre forfattaren Leon, som ikkje lukkast med «den vanskelege andreboka».
Publisert Sist oppdatert

Tyskaren Christian Petzold har etter kvart svinga seg opp til å bli ein av dei fremste filmskaparane i Europa. Frå før har han blant anna filmar som Barbara, Phoenix og Undine på samvitet, som alle er vist på kino i Noreg. Fjorårsfilmen Rød himmel får norsk kinopremiere fredag, ein film han til sams med Barbara (2012) fekk Sølvbjørnen for, prisen for beste regi på den viktige filmfestivalen i Berlin.

Det grunn til å forvente seg kvalitet om du går på kino for å sjå ein Petzold-film. Det får du også denne gongen, sjølv om det finst visse aspekt ved filmen som skurrar. Blant anna er det vanskeleg å kjenne seg att i måten forlagsredaktøren og forfattaren i filmen arbeider med litterære manus på. Eg skal ikkje utdjupe situasjonen frå filmen, men påpeike at ein redaktør sjeldan refuserer ein forfattar ved å lese opp for han sin eigen nyskrivne tekst for deretter å bruke mesteparten av manusarbeidstida på å oppmuntre venene til forfattaren i deira eigne kunstnariske prosjekt. Men kanskje er det tragikomikken som overtar plassen i det realistiske dramaet her? Petzold er kjent for å kunne røre seg kjapt og lett mellom sjangrar.

Komplikasjonar i skogen

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS