Kjærleiken til mor
ANMELDELSE: Med debutromanen sin skriv Margreth Olin fram eit av dei varmaste morsportretta i norsk samtidslitteratur.
KJÆRLEIKSSONG: Margreth Olin miste mor si rett etter førpremieren på dokumentarfilmen «Fedrelandet». No er ho aktuell med romandebuten «Song til mor». – Setningane formeleg lyser av kjærleik, skriv bokmeldar Alf Kjetil Walgermo.
Agnete Brun/Oktober forlag
Margreth Olin er ein av Noregs fremste filmskaparar. Ho har vunne fem Amanda-prisar og to gongar vore Noregs kandidat til Oscar for beste internasjonale langfilm, for Engelen (2009) og Fedrelandet (2023). Engelen var ein spelefilm, men det er dokumentarfilmen som har vore Olins fremste merkevare, med titlar som Kroppen min, Ungdommens råskap, De andre og Mannen fra Snåsa.
Når ho no debuterer som romanforfattar, gjer ho det med det dokumentariske i botnen. Den sjølvbiografiske romanen, i sine ulike sjatteringar frå Karl Ove Knausgårds Min kamp til Edvard Hoems ferske Ung mann vil ut, har stått særleg sterkt i norsk samtidslitteratur i seinare tid. Olins Song til mor er også gitt ut som roman, samtidig som boka tar opp i seg både lyrikken og dokumentaren. Dette skaper eit ope rom for forfattaren. Teksten er uansett tett på Olins eige liv og tett på forholdet hennar til foreldra sine. Ikkje minst: Boka er tett på mor.
Uvanleg nært