Ein Jesus-film for vår tid
Er det mogleg å lage ein sann Jesus-film etter så mange år med glansbilde-jesusar, både på film og som måleri og kyrkjekunst? Dette utforskar «The New Gospel», som har ein svart Jesus i hovudrolla.
JESUS: Kamerunske Yvan Sagnet speler Jesus i «The New Gospel», ikkje fordi han er profesjonell skodespelar, men fordi han er godt kjent som ein politisk aktivist som arbeider for å organisere papirlause landarbeidarar og mobilisere til kamp for deira kår.
Armin Smailovic
Det er mange brå overgangar i denne filmen og kanskje er det fleire filmar i ein? Vi slår det fast med ein gong: Performance, aktivisme og evangelium, denne filmen er ei trippeleksponering. Både er det ein dokumentasjon av eit forsøk på å setje opp nok ein ny versjon av historia om Jesus med auditions og forarbeid, nokre lange glimt frå denne produksjonen. I tillegg skildrar filmen situasjonen til dei mange illegale, retts- og papirlause, migrantane i nærmiljøet i det sørlige Italia og også samtidige aksjonar for å betre levekåra deira. Alt dette er klipt saman på ein måte som gir inntrykk av hastverk. Eller kanskje heller av at noko viktig står på spel her, noko som berre må bli dokumentert så snart som mogleg. Det er derfor ein rik og til dels krevjande film å sjå på, for tilskodaren kan ikkje få med seg alt. Milo Rau inviterer oss, sjåarane, inn i ein fase av ein lengre prosess, som vi veit vil fortsette etter filmen er over. Meir om det om litt.
Matera, Pasolini og Gibson
Milo Rau sin Jesus-film er spelt inn i og rundt den søritalienske byen Matera. Det er ikkje eit tilfeldig val av location. I starten av filmen peikar Rau ut for Yvan Sagnet, denne filmens Jesus, korleis byen liknar på slik vi førestiller oss Jerusalem på Jesu tid. Det var også grunnen til at Pasolini spelte inn den epokegjerande filmen Matteusevangeliet her i 1964. Etter Pasolini har også andre regissørar spelt inn andre filmar om Jesus her, den mest kjende er Mel Gibsons The Passion of Christ frå 2004. Den siste er jo på nesten alle måtar ein heilt annan film enn Pasolinis svart-kvitt-film. Då Pasolini spelte inn filmen, var Matera ein fattig by utafor alle turistruter. I dag framstår byen som ein turistmagnet og var i 2019 også europeisk kulturby.
Bestill abonnement her
KJØP