«Djønnes farsportrett er noko av det mest opprørande eg har lese på lenge»

Leander Djønnes debutroman er ei mørk og vellukka blanding av norrøn sagalitteratur, Jon Fosse og Quentin Tarantino.

Leander Djønne
FOSSE-ASSOSIASJONAR: – Det storslagne ved Oskespiralen er måten denne mørke og dirrande historia blir fortald på. Djønne skriv korthogd som ein norrøn sagaforteljar, med eit ordtilfang og eit eksistensielt nivå som kan gi assosiasjonar til Jon Fosse, skriv bokmeldar Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Eg skriv denne bokmeldinga på den mørkaste dagen i året. Det er eit tilfeldig samanfall, men gir god meining i møte med Leander Djønnes Oskespiralen. Debutanten frå Hardanger gir oss ei mørk og hardkokt forteljing om ein dysfunksjonell familie, der to tvillingbrør finn saman etter mange år og dreg heim att til garden for å ta eit oppgjer med faren.

Djønnes farsportrett i romanen er noko av det mest opprørande eg har lese på lenge, ein mann med steinhjarte i staden for farshjarte, ein far som hundsa og mishandla familien sin så lenge han hadde dei buande hos seg.

Tvillingbrørne, berre kalla Sonen og Broren, har fått ulike livsforteljingar sidan barndommen. Den eldste, Sonen, slepp i romanen fri frå fengsel etter å ha sona ni år for vald og drap. Han er eit menneske på randa av stupet, med éin fot i grava, eit menneske som har vore utsett for svik på svik. Broren har ei leiande stilling i ei stødig bedrift og er aktiv i ei lokal frikyrkjeleg forsamling. Han siterer bibelvers for eit kvart høve, har ønske om å bringe lys og frelse til verda, men er samtidig tynga av sine eigne brot, ikkje minst mot Sonen.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS