Det såre dirrar i teksten
Dikt av mogen lyrikar der barndom og alderdom er teikna like nært og lysande klårt, med store sårflater.
«Samlinga har eit sjølvbiografisk preg, noko som ikkje treng tyda at dette er faktisk biografi og private minne. Men som i så mykje diktekunst som lesaren kjenner seg att i, ligg det truleg levd og erkjent liv attom fiksjonen», skriv vår bokmelder om Despards senaste diktsamling.
© Kjartan Bjelland
Annabelle Despard skriv dikt som tvingar fram minne og assosiasjonar: Ho klarar å vekkja opp ein barndom så langt tilbake i tid, ja over sytti år. Og ho klarar – atter ein gong – å framkalla dei finaste kjenslene i eit barnesinn slik vi eig desse alle saman, ein stad der inne i det meir eller mindre nedstøva minnet. Og det som meir er: Å halda fast ved ei klår line frå det sårbare barnesinnet til det sårbare sinnet i det aldrande mennesket.
Aldersteikn
Tittelen Våren er en gammel mann står i kontrast til Bjørnsons berømte aprildikt. Men det er den tilsynelatande motsetnaden, mellom vår og gamal, som skapar ei spenning som er typisk for denne rike og utfordrande biletdiktinga. Ho hevdar freidig at våren er ein gamal mann, «utslitt etter vinteren». Vi ser for oss denne gamle mannen der han går med stavar og pirkar i papir og snøklattar og «ser hvitveis med forundring/ gjenkjennelse og frykt».
Bestill abonnement her
KJØP