Bokmelding: Om kroppen er god, må den lyttast til

Erik Andreassen vil gje unge eit positivt syn på kropp og seksualitet. Men boka hans vegrar å bli verande lenge nok i det opne og uavklarte, der lesaren får lodde sine eigne erfaringar.

BOK OM KROPP: Erik Andreassen legg for dagen ei empatisk stemme, som lir litt under å ikkje gjennomgåande ta konsekvensane av det positive kroppssynet som blir postulert. Dette skapar eit etterlate inntrykk av at boka ikkje når heilt gjennom, og at ein del forblir uforløyst, skriv Dina Willemse.
Publisert Sist oppdatert

Erik Andreassen, pastor i Oslo misjonskirke Betlehem, har gått svanger med boka Kropp i mange år, og no er ho fødd inn i verda. Boka har adressat både til den unge (kristne) og den vaksne som skal møte disse unge håpefulle. Gjennom 17 korte kapittel og 156 sider utlegg Andreassen sine tankar om kroppen og seksualitetens plass i det kristne livet.

Opninga lanserer at boka har eit gjennomgåande positivt syn og haldning til kropp, noko som stadig blir gjentatt. I langt større grad enn dei fleste andre kristne bøker om tematikken er dette perspektivet løfta fram. Eit spørsmål er om blir difor om dette blir fylgt opp og gjort alvor av, ja, om forpliktelsen held heilt i mål, så å seia.

Svev til tanken

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS