Dette må den nye regjeringa løyse
KREVJANDE: Jubelbrølet etter valnatta tek fort slutt. For uansett kven som sit ved kongens bord når støvet har lagt seg, er lista med utfordringar dei må løyse både lang og krevjande.
UTFORDRANDE: Foreløpig er det ingen som veit sikkert kven av desse som kjem til å vere med å ha ei hand på rattet når landet skal styrast dei neste fire åra. Men uansett kven som sit ved bordet til slutt, så er det mange vanskelege utfordringar å ta tak i.(Foto: Ole Berg-Rusten/NTB)
Denne artikkelen er ein analyse av eit sakskompleks. Analysen står for skribentens rekning.
Vi veit foreløpig ikkje kven som vinn valet, men målingane har peika tydeleg mot regjeringsskifte gjennom heile valkampen. Og om vi enno ikkje veit sikkert kven valvinnarane blir, så veit vi ein god del om kva oppgåver dei får i fanget når seiersrusen er over.
Fleire unge er uføre