Kritiserer NRK-serie: Meiner Team Bachstad blir framstilt som kvite frelsarar

MEDIER: – Fattigdom er ikkje underhaldning, seier generalsekretær i Digni. Men NRK kjenner seg ikkje igjen i kritikken.

TEAM BACHSTAD: I den nye sesongen av Team Bachstad reiser Øystein Bache og Rune Gokstad gjennom Afrika.
Publisert Sist oppdatert

Når Øystein Bache og Rune Gokstad set seg inn i bilen og køyrer gjennom verdsdelar for NRK, går turen i årets versjon av Team Bachstad gjennom det sørlege Afrika. Det har utløyst kritikk om duen opptrer som «kvite frelsarar». 

Panorama nyheter omtalte saka først, der kritikken rettes mot ein episode av Team Bachstad kor duoen deler ut to pakkar Paracet og Ibux til ein sjukepleiar på ein klinikk i Zimbabwe. Seinare gir dei mat til elevar på ein lokal skule. 

– Eg blei sint og skuffa då eg såg episoden, skreiv Marianne Skaiaa, fungerande seksjonsleiar i Norad, i eit innlegg i VG.

– Respekten forsvann

Skaiaa peiker på at sjukepleiaren i episoden fortalde om mangel på medisinar og utstyr. 

– Då tek Team Bachstad fram ei enkel løysing med ein pakke Paracet og Ibux. Respekten for mennesket forsvann, og den klassiske «kvite frelsaren» trer fram, skriv ho.

Skaiaa meiner det vart ein situasjon der sjukepleiaren vart sett på som takksam mottakar av noko ho verken hadde bede om eller trong på den måten. Problemet vart forenkla til noko to nordmenn kunne «løyse» med små gestar.

– Det handlar ikkje om dei, det handlar om systemet og respekten for menneska framfor dei, seier Skaiaa.

Det er et reiseprogram og ikkje ein dokumentar

Hjalmar Bø, generalsekretær i Digni

Skeive bilete om fattigdom

Hjalmar Bø, generalsekretær i Digni, ein norsk paraplyorganisasjon for rundt 20 kristne misjons- og bistandsorganisasjonar, har sett Team Bachstad. Han understrekar at dei alle må vere varsame i korleis dei kommuniserer rundt prosjekta sine. 

SJØLVIRONI: Hjalmar Bø synest Team Bachstad reddar seg inn med at dei er audmjuke og har ein stor grad av sjølvironi.

– Det er ei vanskeleg balansegang: å formidle behov og fattigdom, men utan å skape skeive bilete. Vi må også trekkje fram ressursane og styrken i lokalsamfunna, seier han.

Bø meiner dei fleste norske bistandsorganisasjonar i dag ikkje slit med forenkla bilete av Afrika, nettopp fordi dei jobbar tett med lokale partnarar og har langvarige relasjonar.

Om små og store aktørar

I tv-serien kjem Øystein Bache med eit utspel om at små organisasjonar kan vere meir effektive enn store. Dette synes Bø er ei uheldig framstilling: 

– Lokalt-leidd utvikling er avgjerande, men det skjer ofte i tett samarbeid med dei større og meir etablerte organisasjonane.

Bø meiner både organisasjonar og medieaktørar som NRK har eit ansvar for å vise kompleksitet og respekt, men medgjev at underhaldning og dokumentar har ulike krav.

– Men det er litt av konseptet, at Team Backstad reiser rundt i noko som er framand, eksotisk og for dei «rart» i møte med andre kulturar. 

Bø synest de reddar seg inn med at de er audmjuke og har ein stor grad av sjølvironi. 

– Det er styrken til programmet og det skaper interesse for andre land og kulturar. Det verkar tilfeldig kva dei formildar om historie og bakgrunn om landa de reiser i, men det er et reiseprogram og ikkje ein dokumentar. 

– Samtidig er eg einig med Marianne Skaiaa i at fattigdom er ikkje underhaldning.

– Menneskeleg å nå ut ei hand

Heidi Sandvand Hegertun i Misjonsalliansen forstår ønsket om å hjelpe, men meiner gjevne gåver på direkten blir for enkle.

– Naud og fattigdom må møtast og framstillast med verdigheit. Når NRK vel å vise ei slik scene utan å problematisere henne, etterlet det eit inntrykk av at komplekse, systemiske utfordringar kan løysast med symbolske handlingar, seier ho.

Ifølgje Hegertun kan det forsterke eit bilete av at det er dei kvite reisande som har nøklane til løysingane, medan menneska dei møter blir reduserte til mottakarar av velvilje. 

Misjonsalliansen GENERALSEKRETÆR: Heidi Sandvand Hegertun

– Det er ei historie som forenklar, og som samtidig tek frå menneska dei møter verdigheit, understrekar ho.

Samtidig ønskjer Hegertun ikkje å dempe engasjementet til nordmenn som vil bidra. 

– Vi treng engasjement og vilje til å hjelpe meir enn nokon gong. 

Naud og fattigdom må møtast og framstillast med verdigheit

Heidi Sandvand Hegertun, Generalsekretært i Misjonsalliansen

 – Vi kjenner oss ikkje att i kritikken

– Vi tar kritikken til etterretning, men kjenner oss ikkje igjen i påstanden om at Øystein og Rune opptrer som «kvite frelsarar», svarar Guri Skavlan, prosjektleiar i NRK.

Programduoen understrekar at Team Bachstad først og fremst er meint å vere underhaldning, men at dei òg prøver å vise respekt i møta med menneske og kulturar.

– Team Bachstad er først og fremst eit underhaldande reiseprogram, men samtidig ønskjer vi å formidle respektfulle møter med menneska dei treffer og relevante historier frå områda dei reiser i, seier Skavland og legg til:

– Ein dokumentar ville nok ha gått grundigare inn i desse historiene, men det er ikkje formatet vi lagar.

På spørsmålet om det i det heile er mogleg å lage eit reiseprogram i fattige land utan å risikere å bli tolka som «kvite frelsarar», svarar dei:

– Ja, vi meiner vi har gjort nettopp det.