Dette er Erik Andreassens nye kyrkje
– Ei skjult perle, seier pastoren, som til hausten tar jobb i eit anna kyrkjesamfunn.
NY GRUNN: Den forlengst nedlagte transformator-stasjonen husar no kyrkja som Andreassen blir ein del av.
Ruth Einervoll Nilsen
Sola bryt inn gjennom dei høge vindauga, og dannar rutemønster i radene av klappstolar i plast.
Misjonskirke-pastor Erik Andreassen kikkar rundt seg, på den flekkete betongen og partia av murstein.
Det over hundre år gamle industribygget husar i dag pinsekyrkja United Kristianiakirken.