ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

Som abonnent på Vårt Land får du:

Läs mer

Utvikling i ein telefon

Zin Mar Hlaing har han alltid med seg. Ho har auka salet av tørka fisk takka vere mobiltelefonen.

ANNONSE
ANNONSE

BILDER

Ny telefon? Gateseljarane i Yangon har mange modellar på lager. Dei fleste er piratkopierte i Kina, og kostar difor lite i utsal.

Foto: Erlend Berge
Vis bildetekst

Petter Furberg har ansvaret for det sjette landet i Telenors Asia-imperium. Telenor Myanmar skal tilby mobil og internett til 90 prosent av landets vel 50 millionar innbyggjarar. – Kva folk vil ha på mobilen? Facebook, naturlegvis.

Foto: Erlend Berge
Vis bildetekst

Burmesiske Zin Mar Hlaing har vore gateseljar i Yangon, Myanmar, i 13 år.

Foto: Erlend Berge
Vis bildetekst

Buddhistmunken U Sandar Thisi (midten) blir seljar i Telenor-butikken i Yangon. Venene han har med seg blir pålagt å kjøpe norske mobiltenester.

Foto: Erlend Berge
Vis bildetekst

Fasttelefon på hjørna. Ein butikk på hell.

Foto: Erlend Berge
Vis bildetekst
Verden

Yangon (Vårt Land): Fluene surrar. Tørka fisk eller ferskt kjøt til middag i dag? Lukta riv i nasen.
 Tørka fisk er best, naturlegvis, smiler Zin Mar Hlaing.
 Naboseljaren ristar på hovudet og skjer opp nye kjøtstykke.
 Vårt Land er i Yangon, Myanmars økonomiske sentrum. Regimet som styrer hogde ut ein ny hovudstad midt i jungelen, midt i landet. Naypyidaw blei opna i 2006.

LES OGSÅ: Ber kongen ta opp drap på journalist

Kong Harald

Mandag kjem kong Harald til Myanmar på statsbesøk til landet som lenge sleit med summetonen. Etter 50 år i isolasjon opnar det kvasisivile regimet opp for omverda.

– Eg må berre ta denne, seier Zin Mar Hlaing, og plukkar fram ein mobiltelefon.

Ho er blant dei mange som no får nye vanar i Asias nest fattigaste land. Lenge var mobiltelefon berre for dei utvalde i Myanmar. Eit simkort kosta 2.000 dollar. Prisen reflekterte både at tilbodet var dyrt og dårleg utbygd, og at militærjuntaen som styrde landet ville ha kontroll med brukarane.
 Under massedemonstrasjonane i 2007 skrudde generalane til slutt av mobilnettet for å hindre journalistar og andre å sende video og bilete til utlandet som viste kor hardhendt regimet slo ned opprøret.

LES OGSÅ: Kongeparet fikk gjensyn med Aung San Suu Kyi

For fattige

Tre år etter at generalane trekte i sivil og starta politiske og økonomiske reformer, er Zin Mar Hlaing blitt svært glad i mobilen. Han syter for at kvinna som seks dagar i veka sel tørka fisk, sel meir.

– Før måtte eg stengje butikken når eg skulle tinge fisk, eg måtte oppsøkje leverandøren. No kan eg ringje han når einskilde fiskeslag blir selt ut, så kjem han med nye varer, fortel ho.

Zin Mar Hlaing er ein kunde Telenor vil kapre. I dag brukar ho eit selskap som er dyrare.

– Vi skal vinne massemarknaden, vi skal gje dei fattigaste mobil og internett, seier landsjef Petter Furberg. Han representerer konsernet som står for ein av dei første, store utanlandsinvesteringane i Myanmar.

– Kva vil folk ha på nettet?

– Facebook, naturlegvis. ­Sosiale medier er stort.

Følg oss på Facebook og Twitter

To lisensar

Telenor utkonkurrerte over 90 andre selskap, og har fått ein av to utlyste mobillisensar. Furberg skal bruke seks milliardar kroner – tre milliardar i lisensavgift og tre milliardar i investeringar – for å bli marknadsleiar. I går viste han majoritetseigaren i Telenor, næringsminister Monica Mæland (H), rundt i Yangon. Ho er med i kongens følgje, saman med norske selskap som vil til Myanmar.

Verdsbanken har rekna på det: Betre mobildekning betyr vekst. Aukar dekninga med 10 prosent, aukar brutto nasjonalinntekta med 0,8-1,2 prosent i utviklingsland.
 Myanmar ligg på 150. plass på FNs levekårsindeks. Opp mot 40 prosent lever for mindre enn to dollar dagen. BNP per innbyggjar er berre på 1.105 dollar, det lågaste i Søraust-Asia.

Etter 50 år i isolasjon opnar Myanmar seg for omverda. Ruteflya er fulle av menn i dress med koffertar tunge av forretningsplanar. Ved frukostborda på hotella blir dei bretta ut og drøfta.
 Myanmar skal gjennom ein trippeltransformasjon, seier Verdsbanken: Frå diktatur til demokrati, frå 60 år med interne, væpna konfliktar til fred innafor nasjonsgrensene, frå sentralstyrt økonomi til marknadsøkonomi.
 Telenor kom i fjor, lokka av vel 50 millionar forbrukarar, som president Thein Sein vil at skal få betre mobil- og internettenester.

Lovar mykje

– No byggjer vi mobilnett for harde livet, seier Furberg, som er administrerande direktør i Telenor Myanmar. Han er sjef i den vesle skyskraparen nord i Yangon. Han skal innfri Telenors lovnader: 
90 prosent dekning med mobil og nett innan fem år, 8.000 basestasjonar, 100.000 utsal og Telenor skal satse på lokalt tilsette. Landet skal byggjast.

– Eg vil vere med, seier Htet Min Aung. Han reiste til Storbritannia for å studere i 2004, som ein av få, og fekk seinare jobb i finansbransjen. Då Telenor lyste ut ledige stillingar i Yangon, tok han eit val. Han ville heim.

– Eg vaks opp i den tida eit simkort var dyrt. No sel vi dei for 1,5 dollar, seier Htet Min Aung stolt. Han jobbar med organisasjonsutvikling i teleselskapet, som berre har eit fåtal utlendingar i staben.

Før Myanmar kom på plass i det asiatiske imperiet, hadde Telenor over 150 millionar kundar i Pakistan, India, Bangladesh, Thailand og Malaysia. Asia står for nesten halvparten av omsetjinga i det delprivatiserte telekonsernet. Driftsoverskotet var på vel ti milliardar kroner i fjor.
Målet i Myanmar er opp mot 30 millionar kundar innan tre år.

U Sandar Thisi gjer det han kan for at Petter Furberg skal nå målet. Buddhistmunken har tatt med seg tre vener til Telenors flaggskipsbutikk i Yangon. Dei skal kjøpe sin første mobiltelefon.

– For meg er det berre eitt selskap, Telenor, seier han og rettar opp ein finger.
 Kvifor?
 Norge stod opp for oss i dei vanskelege åra, Norge la press på juntaen, forklarar U Sandar Thisi
.

Petter Furberg seier «Norge» har god klang hjå mange i landet:
 Aung San Suu Kyi fekk fredsprisen og radiostasjonen Democratic Voice of Burma fekk sende frå Norge.

Arabiske pengar

Vårt Land snakkar med fleire i Myanmar som seier at Telenor har ein stor fordel til: Konkurrenten Ooredoo, som fekk den andre mobillisensen, er frå Qatar.

Myanmar er heimsøkt av ei dramatisk etnisk konflikt i delstaten Rakhine vest i landet. Nesten 140.000 av dei 1,1 millionar rohingyane i landet er heimlause etter kraftige samanstøyt med buddhistar i Rakhine i 2012. Rohingyane er muslimar.
Difor seier fleire at folk ikkje kjøper Ooredoos mobilabonnement, for dei «vil ikkje sende pengar til ein arabisk stat som støttar terrorgruppa Islamsk stat i Irak, som støttar muslimane i Myanmar».

Petter Furberg viftar det vekk som «snakk»:
 Dette kan vere eit lite problem for Ooredoo, og ein liten fordel for Telenor, meir er det ikkje.

Det Telenor-sjefen i Myanmar ikkje kan vifte vekk, er korrupsjonen. Myanmar er mellom landa i verda som er mest gjennomsyra av korrupsjon. På dei årlege indeksane til Transparency International ligg landet alltid i den dårlegaste gruppa; dei mest korrupte. Men det er betring å spore. I fjor kom landet på 157. plass, i 2012 på 172. plass.

– Vi har nulltoleranse. Vi er tydelege på at det er Telenors verdiar som gjeld når vi tilset nye medarbeidarar.

Arbeid til barn

- Korleis innprentar de desse verdiane?

– Vi kjører opplæring. Ingen skal vere i tvil om kva som er Telenors verdiar, seier Furberg.

Difor blei ei levering med kontorstoler til Telenor ståande på eit hamnelager. Telenor nekta å betale «ein ekstra sum» for å få hente dei.

– Barnearbeid er vanleg i Myanmar, barn arbeider for at familien skal få mat - korleis handterer Telenor det?

– Når Telenor skal byggje 8.000 basestasjonar på fem år, er behovet for arbeidskraft stort. Vi har innført to aldersgrenser for kontraktørane som byggjer basestasjonane våre. Barn må vere minst 15 år for å kunne utføre ufarleg arbeid, og minst 18 år for farleg arbeid, seier Furberg.

Ufarleg arbeid er til dømes å spa vekk jord, mens farleg arbeid kan vere å klatre i mobilmaster.

– Korleis handhevar de HMS-reglane dykkar?

– Eit brot kan vi tolerere, då går vi inn med forsterka opplæring. Fleire brot tolererer vi ikkje. Då avsluttar vi kontrakten, seier Furberg.

Butikk på hell

På eit gatehjørna i Yangon står tre fasttelefonar på eit bord.

Leidningane går opp i tele­kabelen som strekkjer seg langs bygarden.
 Om butikken går bra? 
Mannen som før levde greitt av å selje telefonsamtalar til kvarmann, sukkar.
 Snart er det slutt. Alle vil ha mobil.

Publisert: 1. desember 2014