Kultur

Emmy til ettertanke

Tv-bransjen sitt svar på Oscar-utdelinga er ein aktuell lyttepost til trendar i tida. Prisdrysset utfordrar både kvalitetsomgrep og helterolle.

Bilde 1 av 2

Då den amerikanske tv-bransjen nyleg hadde sin årlege festkveld med utdeling av dei prestisjetunge Emmy-prisane, angjekk det serieentusiastar verda over.

Via streaming, kabel og parabol har tv-seriar som Game of Thrones, Mad Men, House of Cards, Orange is the New Black, Homeland, Modern Family, Veep, Louie og Transparent ei global målgruppe.

TV-serien er den nye filmen

Uavhengig av sjåartalet til den enkelte serien, illustrerer prisdrysset i Los Angeles kvifor mange omtalar tv-serien som den nye filmen. Stendig oftare er det her vi møter dei mest nyskapande og utfordrande forteljingane.

Utover på 2000-talet skjedde det ein revolusjon der den tradisjonelle såpeserien vart vidareutvikla ved bruk av verkemiddel frå film, teater og litteratur.

Med seriar som The Wire, Breaking Bad, Mad Men og Lost gjekk amerikansk tv inn ei ein ny epoke prega av komplekse handlingsmønster, lysande stilgrep og feilbarlege rollefigurar.

Les også: Game of Thrones nominert til 24 priser

Merkelappen «kvalitets-tv» er for lengst festa til amerikansk tv-drama, som nå opplever sin tredje gullalder.

Game of Thrones på trona

Frå å treffe eit entusiastisk nisjepublikum har nemleg seriane fått stendig vidare nedslagsfelt, noko årets store Emmy-vinnar Game of Thrones er eit tydeleg eksempel på.

Fantasy-serien, som er basert på Georg R.R. Martin sine bestselgande romanar om maktkampar mellom rivaliserande klanar i sju fiktive kongedømme, var i år nominert til heile 24 prisar.

Fans over heile verda jubla då halvparten av dei vart sanka inn, noko som er rekord i Emmy-samanheng. Mest prestisje er det knytt til prisen for beste dramaserie, som Game of Thrones endeleg fekk, i femte forsøk. Ein favorittserie, altså, både hjå det globale publikum og blant kritikarar.

Les også: Hylles for komplekse kvinnekarakterer

Sistnemnde synes her å vere samde om at merkelappen «kvalitetsserie» ikkje er markør for sjanger, men nettopp for kvalitet.

Kvalitet og antiheltar til debatt

Ikkje uventa går det elles føre seg ein diskusjon om kva som ligg i uttrykket «kvalitetsserie». Mykje verdifullt vert her sagt om det som gjeld formspråk, forteljingsmåte og handlingsmønster, men oftast er det djupare spørsmålet om bodskapsformidlinga utanfor horisonten.

Unntaket er diskusjon knytt til kvinneperspektivet og til rekka av antiheltar i populære seriar. Mange hever røysta i forhold til dei moralsk tvilsame heltane og spør kvifor sjåaren likevel heiar på dei.

At mykje av svaret ligg i at vi kjenner oss igjen i desse komplekse menneska og dermed lettare forsvarer handlingane, er forståeleg, men utfordrande. Ikkje minst fordi vi – umedvite – også kjenner igjen samtida sine gråsoner i høve til rett og gale. Slik kan dei relativistiske og individualistiske haldningane i medieforteljinga lett forsterkast i eige liv.

Popularitet og påverknad

Gjenkjenning frå liv og samtid gir altså «kvalitetsseriane» både popularitet og påverknadskraft. Interessant då, at årets store Emmy-vinnar byr på eit univers langt frå vår kvardag, men nært livet.

Les også: Kristne forfattere skapte moderne fantasy

Slik som hjå den store fantasy-forfattaren J. R. R. Tolkien, står nemleg utforskinga av menneskenaturen og viljen til makt i fokus i Game of Thrones. Men mens Ringenes Herre skildrar kampen mellom godt og vondt, er karakterane hjå G. R .R. Martin moralsk tvitydige.

Hjå Emmy-vinnaren er altså den sanne helten borte, men både serien og karakterane har heltestatus verda over. Det utfordrar ikkje berre til å lytte etter berande haldningar og verdiar i dette fantasy-universet, men også til å sjå koplinga til relativismen i samtida vår.

Aller mest utfordrar det likevel til å reflektere over både fiksjonen og verkelegheita i lys av Bibelen sitt perspektiv på det sanne, det rette og det gode.

Margunn Serigstad Dahle er spaltist for Tro24, og førstelektor, programansvarlig for kommunikasjon og livssyn på NLA Gilmekollen og team- og produksjonsleder i Damaris Norge.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur