- For nokre år sidan ville eg planlagt antrekket i fleire dagar, vore nydusja og nysminka. I dag har eg droppa sminka heilt bevisst. Det er eigentleg verre. Eg har restar frå gårsdagens sminke som eg ikkje har vaska av, seier ungdomsleiaren i NLM-forsamlinga Misjonssalen Oslo.
29-åringen er ein av seminarhaldarane på kristenfestivalen UL (Ung Landsmøte) på Randaberg utanfor Stavanger. Der går ho i rette med generasjon prestasjon-ideala.
- For mange er UL er ein viktig arena å vise seg fram på. Du har sjans til å bli sett og populær. Det er viktig å vere på dei rette stadene, snakke om dei rette tinga og helse på dei rette folka. Og det er ein sjekkeplass, seier ho.
LES OGSÅ: – Farleg å prøve å vere perfekt kristen
Sa stopp
Seminaret hennar heiter «Ferdig prestert». Bakgrunnen er at Lundeby las ungdomssidene Si-D i Aftenposten. Der stod det om ei jente som aldri kjente seg bra nok, uansett kor mykje innsats ho la inn i skulearbeid, trening og anna. Lundeby meiner at «generasjon prestasjon» må få høyre at Gud seier dei er verdifull berre i kraft av å vere eit menneske.
Sjølv har ho betalt ein dyr pris for jaget etter å vere vellukka.
- Eg ville alt og sa ja til alt. Så sa det stopp.
I over to år hadde ho diagnosen utbrent.
- Alt kjentes tomt og meiningslaust. Etterkvart viste Gud meg at eg var verdifull sjølv om eg berre låg i senga, seier ungdomsleiaren.
Karakter-gråt
Lundeby er uroa for presset som ungdom fortel om.
- Som ungdomsarbeidar opplever eg at tenåringar er på gråten for å få ein 5-ar på vidaregåande. Då har det gått for langt.
- Kvifor har vi fått ein generasjon prestasjon?
- Unge i dag har alle moglegheiter. Dei blir ikkje hindra av dårleg økonomi, mangel på utdanningsinstitusjonar eller dårlege velferdsordningar. Dersom du ikkje klarer å prestere, har du berre deg sjølv å skulde på.
- Er dette presset om å prestere vere sjølvpålagt?
- Eg trur både ja og nei. Det er ein del av samfunnsutviklinga. Det er bra at unge presterer, men det er ikkje nødvendig å prestere alltid på alle områder i livet. Då vil dei gode eigenskapane dei har bryte dei sjølve ned.
Følg oss på Facebook og Twitter!
Pyntar kristenlivet
Prestasjonspresset snik seg fort inn i kristenlivet, meiner 29-åringen. Det gjeld å pynte seg når ein skal på møte og kle seg slik og slik. Dei som har leiarroller blir sett opp til, og for å få det må du kjenne dei rette personane, påpeiker Lundeby.
- Du har sjølv oppnådd ei leiarrolle. Er du redd for å framstå som eit glansbilde?
- Eg er oppteken av å snakke ærleg om livet, spesielt når eg forkynner. Og i sosiale medium er eg oppteken av å ikkje ha noko glansbilete. Vi som er leiarar kan fort bli oppfatta som glansbilete, men eg håpar ikkje det gjeld meg.