Nyheter

Her møter han farens drapsmann

Tre gonger har Kjetil Klungland (t.h.) møtt farens drapsmann, Kjell Alrich Schumann. Politi og domstol bør informere betre om moglegheita for slike møter, meiner Konfliktrådet. – Vis varsemd, formanar professor.

5. april 2004 skjer det brutalt uventa: Arne Sigve Klungland blir drepen på jobb. Kjell Alrich Schumann skyt politiførstebetjenten som rykkjer ut saman med ein politistyrke for å stoppe ranet av Norsk Kontantservice i Stavanger.

Ni år seinare sit politimannens son, Kjetil Klungland, saman med farens drapsmann i Trondheim fengsel. For tredje gong samtalar han med mannen som er dømt til 16 års forvaring for drap og ran. Tirsdag kveld viste NRK Brennpunkt eit av dei få møta som finn stad mellom offer og gjeringsmann i Norge i løpet av eit år.

Direktør Per Andersen, leiar det nasjonale sekretariatet for alle landets konfliktråd, meiner det bør organiserast langt fleire slike møter, anten i regi av konfliktråda, via advokatane til partane eller på eige initiativ, slik Kjetil Klungland har gjort.

VERDIDEBATT.NO: Er det rett for offer/etterlatne å møte forbrytaren? Kva tenkjer du om tilgjeving?

LES OGSÅ: Klunglands enke tilgir Schumann

Viktige effektar. – Både politiet og domstolen bør få ei meir systematisk tilnærming til ordninga med det vi kallar «gjenopprettande prosess», seier han til Vårt Land.

Ved å møte offeret, stille spørsmål og fortelje om kva følgjer lovbrotet har hatt, skal gjerningspersonen bli oppmuntra til å forstå konsekvensane av eigne handlingar og til å ta ansvar. Offeret kan få bearbeidd opplevinga, få redusert frykta og få påverke eventuelle avtalar.

– Kvifor har politiet og domstolen vegra seg mot å informere offer og straffedømde på brei front om at det er mogleg å få til slike møter?

– Ein er redd for å krenke offera, seier Andersen.

Før Konfliktrådets nasjonale leiar no går ut og ber om auka bruk av «gjenopprettande prosess», har både FN, EU og Europarådet bedt om det same.

LES OGSÅ: Film om Nokas-ran øvelse i virkelighet

Offera bestemmer. – Vis varsemd, åtvarar ein av Norges fremste ekspertar på forsoning, professor Paul Leer-Salvesen ved Universitetet i Agder.

– Eg er svært skeptisk til program som skal leggje press på offera.

– Kvifor?

– Offer for krenkingar, anten det gjeld overgrep, grov vald eller drap, skal ha lov til å gå sin eigen veg. Dei må aldri oppleve press for å møte gjerningsmannen, understrekar Leer-Salvesen, og dreg fram endå eit argument:

– Samfunnets ønskje om fleire slike møter, må aldri bli styrt av ønskja om å få sjå forsoning og tilgjeving.

– Lat meg ta eit døme. Ei 16 år gammal jente blir valdteken av ein framand mann. Etter rettssaka vil han å møte henne, og nokon kan ønskje at ho skal bli hans «frelsar». Men ho må skjermast frå eit slikt møte. Ho kan klare å gå vidare i livet utan å møte ein ho ikkje kjenner, og ikkje ønskjer å møte.

Sterkt ønskje. Etter møte med Schumann i 2006 og 2010, reiste Klungland til Trondheim fengsel i haust for å snakke med den draps- og ransdømde om ei sak: framtida.

– Eg har eit genuint ønskje om at du ikkje skal utføre nye kriminelle handlingar. Eg har eit djupt ønskje om at du skal leve lovlydig. Eg veit ikkje kvifor eg har det, men eg kjenner på meg at det er eit ønskje eg har, seier Klungland til Schumann i Brennpunkt-programmet som blei vist i går.

– Eg vil nesten dra det så langt som å seie at dersom du har respekt for meg, så held du deg på matta, legg han til.

Schumann ser Klungland inn i augo:

– For meg er kriminalitet heilt utelukka. Eg vil ta lærdom og bruke dei tinga eg har lært av dette til å rette det mot ei positiv framtid som ikkje handlar om kriminalitet.

Professor Leer-Salvesen kjenner Klunglands sak og helsar slike møter velkomne. Etter mange møter med drapsmann, eiga forsking på emnet forsoning og studier av internasjonale kartleggingar, seier han at «gjenopprettande prosess» har to positive effektar.

– For det første finn vi prov på lågare tilbakefall, og for det andre blir det rapportert om mange saker der både offer og gjerningsmann melder om auka velvære, seier han og trekkjer særleg fram britiske og belgiske studier.

Eit mirakel. I Brennpunkt-programmet fortel Kjetil Klungland det han har fortalt fleire gonger tidlegare. Han har tilgjeve Schumann for drapet på faren.

– Tilgjeving tyder for meg å sikre min eigen livskvalitet. Eg tenkjer at dersom eg tilgjev, så er det min eigen livskvalitet eg sikrar, fortel 32-åringen til NRK Brennpunkt.

Leer-Salvesen på si side er sikker i sak: Det er alltid feil å byggje inn voner om tilgjeving i slike rundar.

– Tilgjevinga er eit mirakel, og har difor ingen naturleg plass i kriminalomsorga. Men når vi opplever at folk kan tilgje, bøyer vi hovuda i takksemd.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter