Nyheter

Flytta festen inn i kyrkja

Rune Langseth gjekk frå å mikse drinkar til å skjenke altervin.

- Eg har ikkje høyrt om andre som har gjort eit slikt karriereskifte, seier han.

Frå hovudgata i Måløy stikk vi inn på ein pub. Rune Langseth finn eit glas og opnar ein krane i tappetårnet. Dette kan han. Fram til 2003 høyrde servering av alkohol til arbeidet hans. I restaurantbransjen dyrka han fellesskapet med gjestane og treivs med det.

– Vanvittig

Mykje har skjedd sidan han var ateist og barsjef på Grünerløkka i Oslo. No bur 46-åringen i Måløy i Vågsøy kommune saman med kone og dotter. Han stortrivst i jobben som barne- og ungdomsprest.

- Heilt vanvittig, seier han sjølv om livsendringa.

- No får eg lov å fortelje folk om Jesus og kva han har gjort for dei. Og eg elskar at mine ord og handlingar - livet mitt - kan bidra til at menneska oppdagar at Skaparen av himmel og jord er glad i dei.

- Meir ærleg

Å skjenke sprit på bar er meir ærleg enn å gje folk åndeleg føde, meiner utelivsveteran Jan Vardøen.

- For meg kjennest det som om 'ein av våre' har gått over til den mørke sida. Eg ønskjer alle eit lukkeleg og sunt liv. Men som livslang ateist synest eg det å skjenke sprit i ein bar er meir ærleg enn å skjenke åndeleg føde, seier utelivskongen Jan Vardøen. Han eig fleire restaurantar og er også kjend son musikar og forfattar.

LES OGSÅ: Utelivskonge: – En trist historie

- På leiting

Det er tidleg på dagen, og vi er nesten åleine på puben når Langseth fortel historia si. Han hadde ein heilt normal og god oppvekst i Trondheim, men han var ein rastlaus og uroleg gut som testa ut grenser, gjekk eigne vegar og mislikte autoritetar.

– Den gongen forstod eg ikkje at eg var på leiting etter identitet, seier han no.

Borgarleg konfirmasjon

I sjuande klasse fann han sjølv ut at det ikkje hadde nokon ting føre seg å ha kristendomsundervisning, så han skaffa seg fritak. Det var hans fyrste tydelege opprør mot kristentrua. Seinare konfirmerte han seg borgarleg.

- I praksis var eg ateist, og den haldninga hadde eg langt ut i vaksen alder.

Søkinga etter eit eller anna heldt fram som ungdom og ung vaksen. Han skifta ofte vener.

- Eg hadde ikkje ro og motivasjon for noko. Det var gøy å vere på fest, og eg hadde vekslande arbeid av kort varigheit for å skaffe meg pengar.

Bygde seg opp

Det yrket som gav han mest, var som kelner. Fyrst i heimbyen Trondheim, deretter Oslo med nytt vennemiljø i restaurantbransjen. Etter kvart avanserte han til hovmeister.

- Så du fann deg til rette i det miljøet?

- Eg likte arbeidet, gjestane var tilfredse og kollegaene likte meg. Det gav sjølvtillit og innhald i livet. Likevel kjende eg på ein grunnleggjande tomheit.

Langseth fortel at det store ved sidan av jobben var trening og kroppsbygging.

- Det var noko eg beherska. Eg fekk sjå resultat i form av ein veltrena kropp. I mange år var eg oppteken av klede, utsjånad og image.

Han hamna etter kvart bak bardisken og treivst svært godt med statusen det gav.

- Blant anna vart eg sjef på Tea Lounge, ein av dei hotteste uteplassane på Grunerløkka. Då var lukka nådd for meg, mimrar han.

– Tenkjer eg tilbake no, var det ei god tid der eg møtte mange spennande folk som likte meg og omvendt. Serveringsbransjen gjev folk gode opplevingar, så eg har respekt for dei som arbeider der. Det er ein viktig og krevjande jobb.

Indre vakuum

I ein alder av 32-33 år fekk han nokre vener som gjekk i eit kor knytt til ei frikyrkje. Møtet med desse gjorde at den motstanden han hadde hatt mot kristne, blei snudd til aksept og toleranse for det dei trudde på.

Det reduserte likevel ikkje det indre suget og tomheten i livet, så Langseth ville ut i verda for å finne lukka. Men cowboy i Texas blei ikkje som på film. Heller ikkje jobben som timeshare-seljar på greske øyer.

Los Angeles var neste mål. Året var 2002.

– Spennande, men likevel ein nedtur, oppsummerar Langseth.

- Reisene gav ikkje den lukke og meining for livet som eg søkte.

Samabrot

- Mine forsøk gav ikkje det resultatet eg håpa. Eg søkte identitet og det faste punkt.

Etter det han omtalar som eit samanbrot, i 2003, gjekk han inn i ein periode utan framtidshåp. Livsgnisten var bortimot slokna.

- Eg trudde ikkje at morgondagen hadde noko positivt for meg. Eg gret og var heilt knust.

- Kva skjedde så?

- 8. september 2003 var min verste dag til då i livet. Eg hadde mista all energi og hadde tanke om at livet var over. Eg tenkte ikkje på sjølvmord, men eg klarte ikkje å ta eit einaste skritt. Med lyfta blikk og hender sa eg: «Gud! Eg kan ikkje leve livet mitt som eg gjer no. Kom å ta over livet mitt. Eg er ferdig!».

Fekk reaksjon

Deretter køyrde han ein tur og sette på ein lånt lovsangs-CD. Refrenget kom igjen. «Lift up your heads, open your hearts and let the King of glory come in. And forever be your God».

- Med eit vart heile kroppen varm, frå topp til tå, seier Langseth og legg til:

- Hjertet mitt voks inne i meg! Eg fornemma svak, god elektrisitet i heile kroppen. Eg gret som eg aldri har grete før. På same tid lo eg som eg aldri har ledd nokon gong, fortel han.

– Eg aner ikkje kor lenge dette varde. Eg visste berre at Gud svarte på bøna mi. Det var han som var kommen til meg. Seinare har eg funne at eg blei eit nytt menneske, at det vart skapt eit nytt hjerte og ei ny ånd inni meg. Eg døydde og stod opp igjen den dagen.

Stillehavet

For å markere det nye livet sitt, reiste han til ei lita øy i Stillehavet. Der tok han eit kurs på ein bibelskule i regi av misjonsorganisasjonen Ungdom i Oppdrag (Youth with a mission).

- Det halvåret er den beste tida i livet mitt, for der ble eg betre kjend med Jesus og meg sjølv. For fyrste gong las eg i Bibelen kvar dag, og eg blei fascinert. Det ble liv for meg. Eg opplevde Guds vegleiing og kraft på mange områder.

- Fekk opphaldet betyding for dine vidare planer?

- Ja, tilbake i Norge stod eg på eit heilt anna fundament. Eg brukte tid på finne ut kva eg skulle gjere med dette nye livet mitt. Eg elskar å fortelje folk kva Jesus har gjort for dei, at han elskar dei, og at det er sant dette som vi fortel frå Bibelen.

Hans fyrste tanke var å reise ut som evangelist i Afrika eller Aust-Europa, men han enda med å ta utdanning for å lære meir om den nye trua. Han fann ut at Menighetsfakultetet fantes og melde seg opp på grunnfag. Då nokre vener spurde ham om han no skulle bli prest, blei han så rådvill at han måtte spørje om det var det Gud ville.

- Straks kjende eg att same krafta som då eg vart fødd på nytt, og oppfatta tydeleg: «Ja, det vil eg».

Jesus

Etter å ha vore i frikyrkjelege forsamlingar den fyrste tida som kristen, hamna han til slutt som ordinert prest i Den norske kyrkja.

- Frå eg vart frelst var eg i karismatiske og tverrkyrkjelege miljø, men eg kjende at mitt kall var å bli prest i statskyrkja. Eg måtte gå nokre rundar og svelgje nokre kamelar, for det er ikkje på alle område at Den norske kyrkja stemmer overeins med min personlegdom og mine røynsler med Herren.

Likevel meiner Langseth at Den norske kyrkja har rom for alle.

– Mi røynsle er at der er rom for all den fleksibiliteten som er i Gud. Eg trur Jesus er det beste for alle menneske, og at folk må få lov til å finne sin måte å vere kristne på. Det må vere rom for at folk er ulike, samstundes som vi har noko felles. Eg veit at kyrkja somme stader opplevast som snever, men eg trur ikkje det er det Gud ynskjer.

Han meinar likevel at det finst ei viss redsle i Den norske kyrkja for å snakke om Jesus.

– Kanskje dei fryktar at Jesus er for støytande, men dersom vi ikkje snakkar om han, er essensen vekk. Kyrkja er bygd på Jesus.

Styrke og utfordring

- Skaper fortida di utfordringar og hinder i prestetenesta?

– På den eine sida har eg ein bakgrunn som mange kan identifisere seg med, med eit liv der ein ikkje går i kyrkja eller ber. Denne bakgrunnen og opplevinga eg har hatt med å bli frelst, gjer at mange opplever den Gud eg forkynner som truverdig. For dei aller fleste er bakgrunnen min positiv, seier Langseth.

– På den andre sida har eg lett for å leggje vekt på vekking og den store omveltinga det er å bli frelst. For mange som har vakse opp i ein kristen samanheng, slik som kona mi, kan dette vere vanskeleg å forstå. Det er utfordrande og veldig lærerikt å prøve å forstå korleis ulike folk tenkjer om Gud.

– Erfaringa av Guds kjærleik til meg driv meg til å formidle bodskapen om den til andre. Ingen er komne så langt vekk og har gjort så mykje vondt at der ikkje er ein veg attende til Gud, vår Far, dersom dei ynskjer det.

- Lokkar det gamle livet ditt iblant?

- Eg har ikkje sakna det gamle livet mitt eit einaste sekund. Det er ikkje til å komme frå at eg hadde mykje gøy, men eg ville aldri ha gått tilbake. Eg saknar ikkje det sinnelaget eg hadde før. Personlegdommen min, bakgrunnen og alle historiene har eg uansett med meg. Men det å skulle vakne til ein ny dag og gå gjennom den utan å vete at Gud har frelst meg og har ein plan for livet og kvardagen min, ville vore heilt utenkeleg og faktisk ganske skremmande.

Vil vere kamerat

- Ser du bartenderyrket som destruktivt i dag?

- Det å vere bartender i seg sjølv ser eg ikkje noko gale i, men eg kunne aldri gått tilbake til det no. Eg kunne gjerne vore kelner, men eg kan ikkje lenger stå bak ein bar og skjenke brennevin til folk når eg ser kva for ein livsførsel det kan føre til. Sjølv drakk eg meir enn nok alkohol i mitt førre liv og har ikkje smakt alkohol på sju år. Sidan Jesus drakk vin, trur eg ikkje at kristne må vere avhaldne, men eg trur det er avgjerande med måtehald.

Langseth seier han liker å vere prest, sjølv om han ikkje er like begeistra for alle sidene ved jobben.

– Som prest kjem eg inn både ved høgdepunkta og dei tyngste stundene i livet, og det er stort. Eg diggar det og er takknemlig. Gravferd og bryllaup er korte hendingar, metta med innhald, der folk er avhengige av meg. Men eg er like mykje prest i eit tilfeldig møte med folk på gata eller i butikken. Det er også stort og viktig. Elles er eg både prest og Rune. Eg vil vere ein kamerat folk kan snakke med.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter