Bilde 1 av 9

Fangar spira blant skyskraparane

Blant høghusa i Londons finansdistrikt er det ein type bygg som held stand.

Reportasje

London er ein by i konstant endring.

I byens bank- og finansdistrikt – City of London – pregar heisekraner horisonten stadig vekk. Nye bygg skyt i veret.

EUs høgste – The Shard – ruvar med sine 309,6 meter.

Men Reuters-fotograf Toby Melville har lagt merke til at det ikkje berre er spegelblanke skyskraparar som pregar bybiletet.

Held stand

I City of London er det omlag 50 kyrkjer og andre gudshus. Om du går gjennom byens finansdistrikt – knappe tre kvadratkilometer – vil du få auge på dei.

Om du ser godt etter.

Kyrkjene, som ein gong var framtredande i bybiletet, er no omringa. Av undergrunnsstasjonar, heisekraner og høghus.

LES OGSÅ: «I deler av verde tar folk livet av ateister. Her inviteres vi til gudshus»

Dei titar fram blant glas og stål, somme speglar seg i vindauga på kontorbygningane på andre sida av gata.

Fotografia til Melville viser at kyrkjene trass alt held stand, midt i ein av verdas storbyar.

Store utfordringar

Ein kan kalle det ein kamp mot alle odds.

I 1666 vart 89 kyrkjer øydelagt under den store bybrannen i London, inkludert St. Pauls-katedralen. 13.200 andre bygningar gjekk tapt, og rundt 200.000 menneske vart heimlause den septemberdagen.

Straks etter brannen la arkitekten Sir Christopher Wren (1632-1723) fram ein byplan for dei øydelagde områda. Han har designa mange av kyrkjene som pregar den britiske hovudstaden i dag.

Følg Vårt LandFacebook og Twitter!

Då dronning Victoria regjerte, frå 1837 til 1901, minka kyrkjelydane betrakteleg, då mange flytta ut til forstadane. Forretningsbygg erstatta mange bykyrkjer.

Under andre verdskrigen vart også fleire av byens kyrkjer ramma av dei tyske bombene. Somme måtte restaurerast kraftig i etterkant.

Pause frå støyen

I dag kjempar frivillige organisasjonar for å halde liv i bykyrkjene.

Dei prøvar å få opp interessa blant både byfolk og turistar med utvida opningstider, gratis inngang, kafear og lunsjkonsertar.

LES OGSÅ: Listhaugs sosialisme-definisjoner

For somme er kyrkjene ein plass for å studere bygg frå ei anna tid.

For andre kan dei kanskje vere ein pust i bakken, ein liten pause frå støyen og kvardagen.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje