Bilde 1 av 7

Fann kloster på finn.no

Då prestegarden i Norddal vart lagt ut på finn.no i fjor, slo den ortodokse kyrkja til. No er det kloster på toppen av den vesle sunnmørsbygda.

Reportasje

Sjå video lenger nede i reportasjen!

Klonk. Klonk. Lyden av tre som treff tre.

Klokka er halv fem om morgonen. Det er lyst ute, har nettopp vore midtsommar. Det er stille i Norddal – ei lita bygd på indre Sunmøre med om lag 140 innbyggjarar. Alt ein høyrer er brusinga av Dyrdalsfossen oppe i lia, samt dei taktfaste slaga av tre mot tre. For det er tid for bøn på prestegarden. Syster Arhontia går rundt huset og slår på talantoen – ein treplanke – med ein hammar laga av tre. Ho kallar inn til bøn, på same måte som Noah kalla dyra inn til arka.

På ringeklokka står det: Kloster – Den hellige kong Olav og profet Elias.

LES OGSÅ: Seier ja til mangfald

Grubla lenge

«KVEN VIL BU HER?», sto det øvst i annonsen då prestegarden vart lagt ut på leigemarknaden i fjor vinter. Prestegarden går tilbake til mellomalderen, men dei siste åra har huset stått tomt. Ifølgje Ingvild Nystad, som la ut annonsen i fjor, hadde norddalingane grubla lenge for å finne ut kva dei skulle gjere med den.

– Prestegarden her har alltid vore eit ope kultursentrum. Det var viktig for oss å oppretthalde eit preg av allemannseige av garden, fortel Nystad.

Ho har jobba lenge med bygdeutvikling i verdsarvområdet rundt Norddal, som ligg ein halvtime frå turistmagneten Geiranger. I dag er det Stiftinga Paktarstova – der Nystad er med – som har ansvar for heile garden.

FØLG SERIEN #DETRELIGIØSENORGE PÅ FACEBOOK og TWITTER!

Tre timar morgonbøn

Det er torsdag morgon på prestegarden. Skodda ligg ned i fjella som nærast heng over den vesle bygda. Gradestokken viser seks grader, sjølv om det er sommar.

Abedisse Thavoria kjem inn i bønerommet. I hendene sine har ho ein svart stav med ei sølvkule på toppen. Alle kloster må ha ein abbed eller ei abedisse, som fungerer som ein slags forstandar. Ho bøyer seg mot alteret. Deretter går ho til eit bilete av Jesus, som heng framfor eitt av rommets vindauge. Bak han kan ein skimte fjorden, 2,5 kilometer lenger nede.

Dei tre andre nonnene – tyske Dimitra, amerikanske Iakovi og Arhontia frå Sveits – kjem inn ein etter ein. Til slutt kjem prest Damaskinos. Etter å ha gjort det same som Thavoria, kjem alle til abedissen og kyssar handa hennar. Så stiller alle seg på rekke, presten framfor nonnene, med blikket mot alteret. Eit burgunder teppe omringar alteret, med berre ei opning framme på midten. Framfor heng tre levande ljos frå taket.

Så byrjar Thavoria å lese.

LES OM BUDDHISTANE I BJØRNDAL: Bygde småbruket om til tempel

«Herre miskunne deg»

Dei neste tre timane går med til lesing av heilage skrifter, på norsk, engelsk og gresk, i tillegg til synging. Alle deltek, med eit alvorleg uttrykk i ansiktet. Kroppane er dekt i svarte kle, berre fjeset og hendene til nonnene viser. Presten har langt skjegg.

Fleire gongar går syster Arhontia ut igjen og slår på treplanken, og då strøymer lyden frå fossen inn døra. «Herre miskunne deg, Herre miskunne deg, Herre miskunne deg», seier Thavoria med svak og stødig stemme. Lufta er kald.

Rundt klokka seks kan vi høyre hanen gale i hagen.

LES OM KATOLIKKANE I TRONDHEIM: Føler seg som eit sosialkontor

Teksten held fram etter videoen.

Kongehistorie

Korleis kunne ein prestegard på Nordvestlandet ende opp som ortodoks kloster? For å forstå det, må vi først tilbake til 1991. Då var abedisse Thavoria på besøk i Noreg, frå klosteret i Hellas. Ho kjem opphavleg frå Sjøholt, ei anna sunnmørsbygd.

– Eg var ikkje nonne enno på den tida. Presten som reiste med meg vart veldig imponert over fjordane og gardane oppe i fjellsidene. Då han vart intervjua av lokalavisa, sa han: Dette er ein perfekt stad for eit kloster, fortel Thavoria.

Deretter fekk dei brev frå mange, deriblant den dåverande ordføraren i Norddal, som foreslo at dei kunne bygge kloster på Syltefjellet i Valldalen.

Valldalen ligg over fjorden for Norddal, og er historisk sett ein viktig stad for nonnene. I soga om Olav den Heilage står det at kongen kom seglande inn Storfjorden i år 1028. Då dei kom inn mot Valldal, skal ein sjøorm ha kome mot skipa. Heilag-Olav greip fatt i den, og – etter eit basketak – kasta han den opp i fjellveggen. I dag kan ein sjå ein snirklete, kvit strek i fjellet, som kan minne om ein slange.

Fjellhylla rett over slangen var til sals, og ei syster frå same klosteret som Thavoria slo til.

LES OM FOLKEKIRKEN PÅ GJESÅSEN: Dugnadstro

Funn på finn.no

Guds vilje kallar Thavoria det. Men det tok likevel lang tid før dei kom noko vidare. Først i 2013 vart klosteret i Noreg grunnlagt, gjennom patriarken i Georgia. Han er det offisielle overhovudet for klosteret.

– Men vi hadde berre tomta. Inga bygning og ingen veg. Men klosteret eksisterte, fortel abedissen.

Dei fekk tilbod om å bruke ei gamal kyrkje i nabobygda, og bror til Thavoria fekk i oppdrag å finne eit hus dei kunne bu i der.

– Då eg ringde, satt han framfor datamaskina. Plutseleg sa han: «Å, eg ser noko veldig fint her», fortel ho og ler.

Det var annonsen for prestegarden i Norddal.

– Så eg skreiv ein søknad til Ingvild Nystad, seier Thavoria.

Nystad seier at ho og andre i bygda vart overraska over søknaden, men dei var overbevist om at nonnene ville passe inn i Norddalen.

– Dei er interessert i å leve med naturen. Dei er nøysame. Samtidig er det viktig for dei å dele med andre. Vi fann ut at det ikkje var ei lukka forsamling, det var viktig for oss, fortel Nystad.

LES OM MOSKEEN I KRISTIANSAND: Moskeen som omvende sørlendingane

God nabohjelp

Då Thavoria kom til Norddalen rundt påsketider i fjor, var huset nesten tomt. Men det tok ikkje lang tid før ho og dei andre nonnene hadde alt dei trengde.

– Folk kom med møblar og poteter. I tillegg fekk vi invitasjon frå loppemarknaden om at vi kunne kome og hente alt dei ikkje fekk selt. Då fylte vi ein bil og eit traktor, fortel Thavoria.

Dei kjenner seg veldig godt mottekne i bygda. Dei får mjølk og kjøt frå fleire gardar, og dei har så mykje ved at dei kan halde prestegarden varm i lang tid framover.

Nonnene har også ein avtale med lokale butikkar, som tek kontakt om dei har mat som dei ikkje lenger kan selje. Då kan nonnene kome og hente det.

– Det er ofte frukt som har ein flekk på seg eller ikkje ser så frisk ut lenger. Det kan også vere ein pose som har gått hol på, fortel Thavoria.

Ut gjennom vindauget i stova kan vi sjå urtene dei har planta i hagen. Dei brukar syster Dimitra til å lage såpe som besøkande kan kjøpe. Men det er ei lita inntekt, så nonnene er avhengige av donasjonar. Kleda sine lagar dei sjølve.

Dugnad

Det er ikkje mange som bur fast i Norddalen. Men dei få som er der, får til mykje. Helga etter vi er på besøk skal årets Midtsommardagar arrangerast, der også nonnene har fleire postar på programmet, deriblant open dag.

– Kvifor er det viktig for dykk å stille opp?

– Fordi vi kjenner oss eitt med folk i bygda. Folk kjem hit og hjelper oss. Kvifor skal ikkje vi hjelpe dei? spør Thavoria.

Ho meiner det er både fint og lurt å engasjere seg lokalt.

– Når det blir bestemt ting om framtida, om kva vi skal gjere her i bygda, så er det kjekt å ha eit ord med i laget. Vi bur jo her vi også.

– Valdsamt religiøse

Ein av norddalingane som er glad for at nonnene er sosiale, er Berit Engeset Sperre. Ho tykte det var spanande då ho fekk vite at det skulle kome nonner til Norddalen.

– Det er berre bra at det kjem folk til bygda. Det er betre at huset blir brukt til kloster enn at det ikkje blir brukt til noko, seier ho.

Sperre har vore på besøk med nonnene fleire gonger, og då ho hadde bursdag i januar dukka fleire av nonnene opp for å synge bursdagssongen. Sperre veit ho alltid kan stikke innom klosteret, dersom ho ynskjer det, til trass for at dei lever eit heilt anna liv enn henne.

– Dei er valdsamt religiøse, og dei veit at eg ikkje er det. Men eg trur ikkje dei bryr seg om det. Ein gong sa eg til ei av dei at eg synest Heilag-Olav var ein fæl fyr, og det tykte ho var interessant, seier ho, og legg til:

– Dei har ein litt annan kultur og litt andre skikkar. Men det lagar ikkje noko skilje.

Med på alt

Norddalingane er heller ikkje vanskelege å be. Ein kald vinterdag i januar år trefte Sperre nonnene på butikken. Dei skulle ha ein seremoni ved sjøen, borte ved kyrkja, og lurte på om ho ville vere med.

– Eg var ikkje heilt i form, men eg tenkte: «Kvifor ikkje, ein må hive seg med på det som skjer», seier ho.

– Typisk norddalingar, seier Susanne Moen Ouff.

Ho styrer gjestgiveriet som ligg rett ved huset til Sperre. Ho kom sjølv til bygda omtrent på same tid som nonnene.

– Folk her tenker ofte sånn: «Eg veit ikkje kva som skal skje, men eg kan godt vere med», seier Ouff om norddalingane og ler.

Ifølgje Ouff er Norddalen ein fantastisk plass å kome til. Sjølv om ho tykkjer livsstilen til nonnene er vanskeleg å forstå, så samarbeider ho godt med dei. På alle romma på gjestgiveriet kan ein finne såpe laga av syster Dimitra frå klosteret.

– Det er eit kortreist naturprodukt, og det passar inn i stilen her. Eg kjøper det eigentleg ikkje for å støtte dei, men fordi det er eit bra produkt, seier ho.

LES OM SANKTHANSFEIRING PÅ FEVIK: Folkefekst-kirken

Nye refleksjonar.

– Kva preg set nonnene på bygda, tenker du?

– Dei køyrer svinfort med den bilen sin. Det er nesten som ein ser kappene flagre bak dei inni der, ler ho, før ho legg til, litt meir alvorleg:

– Nonnene tek med seg tankar og refleksjonar som vi ikkje har tenkt på.

– Som kva då?

– Som det å leve eit så annleis liv. Eg har vel tenkt på det før, men det har ikkje vore så tett på. Dei fleste her er ganske langt unna det livet dei lever. Men å ha dei her får folk til å snakke om ting som dei elles ikkje snakkar om, meiner Ouff.

Vil at dei skal bli

Ifølgje Berit Sperre var det to nonner og eit par munkar til stades under seremonien ved sjøen i vinter. Dei skulle feire Jesu dåp. Ein kross vart kasta ut i sjøen, og dei kasta av seg sko og sokkar og hoppa etter. Det var om å gjere å få tak i krossen først. Berit stod trygt på land i ei varm nonnekappe som ho fekk låne.

– «Neste år skal du med ut i sjøen», sa dei til meg då dei kom opp att. Men det kjem ikkje på tale, ler Sperre.

Verken Nystad, Ouff eller Sperre vil at nonnene skal flytte over fjorden, dersom dei får til å bygge kloster på fjellet der.

– Vi tenker dei kanskje vil ha ei underavdeling her i bygda, seier Ingvild og smiler lurt.

Nonnene har merka seg at norddalingane ynskjer at dei skal bli.

– Berit sa til meg, ein gong vi var på kaffi med henne: «Om de reiser over fjorden, så kjem eg ikkje på besøk», ler Thavoria.

Den første byggesteinen til klosteret på Syltefjellet leggast ned i august. Men det er usikkert når bygget vil stå ferdig. Enn så lenge kan Berit og resten av norddalingane vente seg å bli vinka inn på prestegarden når dei går forbi, for å sjå på nye kyllingar, ete banankake, eller berre slå av ein prat med nonnene på prestegarden.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje