Nyheter

Seier ja til mangfald

Ordførar i Norddal, Bjørn Ruset, har god kontakt med nonnene på prestegarden.

– Eg har dessverre ikkje vore innom etter at dei kom. Men dei har vore heime med meg, og dei har også vore innom kontoret for å diskutere korleis vi skal løyse ulike utfordringar i forbindelse med klosterbygginga, fortel han.

Kommunesenteret i Norddal kommune ligg i Valldalen. Syltefjellet, der klosteret skal byggast, ligg også i Valldalen.

– Kva utfordringar til dømes?

– Det er ymse finurlege ting som vi må finne ut av, til dømes når det gjeld tekniske planar, naboar, og så vidare, seier Ruset.

LES REPORTASJEN OM NONNENE PÅ PRESTEGARDEN:  Fann kloster på finn.no

– Norddalingar er opne

Ruset ynskjer klosteret velkome.

– Vi tykkjer det er spanande med mangfald, seier han.

I bygda Norddal var det om lag 145 fastbuande ved førre årsskifte.

– Kva preg set eit kloster på ei så lita bygd, trur du?

– Norddalen er veldig mangfaldig, og det var den også før klosteret kom. Folk har forskjellege meiningar, sjølvsagt, men norddalingar er opne og inkluderande. Det veit eg, for eg har sjølv budd der, seier ordføraren.

I hans auge er klosteret på prestegarden heilt uproblematisk.

– Det er spanande og litt eksotisk, og det tykkjer vi er kjekt.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter