Kirke

Fryktar misjon kan bli nedprioritert i Den norske kyrkja

SPLEISELAG: Når Misjonsorganisasjonar ikkje lenger vil spleise på misjonsrådgjevarstillingane i DNK, må kyrkja ta meir av kostandane. – Bekymra for om dette er vegen å gå, seier biskop i Agder og Telemark.

– Eg trur dette kan føre til at misjonen tapar pengar, seier Stein Reinertsen, biskop i Agder og Telemark.

I fjor blei Samarbeid menighet og misjon (SMM), eit samarbeid mellom Den norske kyrkja og sju misjonsorganisasjonar, evaluert.

Signala frå høyringsrunden peikar i retning av at misjonsrådgjevarstillingane i bispedømma, som før var eit spleiselag mellom SMM-aktørane, no skal bli finansierte av bispedømma sjølve. Den formelle avgjersla kjem i juni.

Trondheim 28.03.2019
Kirkemøte i Trondheim 2019. Stein Reinertsen, biskop

Misjonsrådgjevarane skal mellom anna fungere som eit bindeledd mellom misjonsorganisasjonane og DNK, og hjelpe kyrkjelydar og bispedømme og ha fokus på misjon.

I høyringssvaret frå Agder og Telemark bispedømme skriv dei at «Misjon står i fare for å bli nedprioritert. Ved at bispedømmerådene eventuelt overtar finansieringen av misjonsrådgiverstillingen, har det enkelte råd en annen mulighet til å foreta prioriteringer som vil kunne bety en nedprioritering av SMM-organisasjonenes misjonsarbeid i bispedømmene».

---

Samarbeid menighet og misjon (SMM)

  • Eit samarbeid mellom Den norske kyrkja, Normisjon, Areopagos, HimalPartner, NMS, Stefanusalliansen, Misjonsalliansen, Normisjon og Den Norske Israelsmisjon.
  • SMM er organisert gjennom eit sentralt råd (SMM-rådet) og regionale utval i bispedøma.
  • Skal arbeide for at lokal og global misjon skal bli en integrert del av heile kyrkjelydens liv.
  • Drift og oppfylging blir gjort av misjonsrådgjevarane i bispedøma og dagleg leiar i Mellomkyrkjeleg råd.
  • Fleire aktørar vil no at misjonsrådgjevarstillingane i bispedømma skal bli heilt finansierte av bispedømma sjølve. Den formelle avgjersla kjem i juni.

Kjelde: kyrkja.no

---

– Eg er litt bekymra for om dette er vegen å gå. Situasjonen er ikkje lik over heile landet, men i Agder og Telemark spleisar SMM på ei halv misjonsrådgjevarstilling, og gjennom misjonsavtalene organisasjonane har med kyrkjelydane får dei tilbake mellom 3 og 3,5 millionar kroner. For å greie å halde ved like eit slikt engasjement er det viktig at det blir sett av midlar til dette, meiner biskopen.

Han har sett stor pris på misjonssamarbeidet med misjonsorganisasjonane, og er tydeleg på at dei ikkje hadde greidd å samle inn like mykje pengar til misjon i bispedømmet hadde det ikkje vore for misjonsrådgjevaren i bispedømmet som har vore mykje ute blant kyrkjelydane.

Så vidt i pluss

Generalsekretær i Misjonsalliansen, Andreas Andersen, er positivt innstilt til dei foreslegne endringane.

– Dette blir ein oppgradert samarbeidsmodell, og at DNK sjølve skal ha resurspersonar til noko så sentralt som kyrkjas misjonsoppdrag er den rette vegen å gå.

Andersen fortel at for deira del har ikkje spleisinga på misjonsrådgjevarstillingane vore særleg økonomisk lukrativt.

– Samanlagt med utgiftene til stillingane og inntektene på misjonsavtalene med kyrkjelydane i DNK så gjekk me så vidt i pluss. Det er viss du ser på det reint økonomisk, men me synest også at det har vore viktig å vera med på å auke fokuset på misjon og global urettferd. Men me ser ein sterk vilje hjå DNK til å framleis prioritere dette.

Kyrkja mistar midlar og organisasjonane mistar moglegheiter.

—  Ivar Sandnes, misjonsrådgjevar i Agder og Telemark bispedøme

Større eigarskap

Dagleg leiar i SMM – Samarbeid menighet og misjon, Knut Hallen, vel å sjå positivt på det. Han er fyrst og fremst glad for at alle partar seier dei framleis vil satse på SMM-samarbeidet, og misjon som fagfelt.

– Dette kan føre til at kyrkja får eit større eigarskap til misjon, og at ein sjølve må ta meir ansvar. Samstundes må ein vera veldig bevisst på å prioritere og synleggjera misjon og ta vare på det gode samarbeidet med misjonsorganisasjonane, seier Hallen.

Han meiner det blir viktig å sjå på korleis ein skal organiserer misjonsrådgjevarstillingane slik at dei fungerer, også utan finansiering utanifrå.

– Til sjuande og sist er målet med arbeidet å få eigarskap og engasjement for misjon i kyrkjelydane, og så må kvart bispedøme finne ut korleis dei riggar seg for å få det til på best vis.

Kritisk

Misjonsrådgjevar i Agder og Telemark bispedøme, Ivar Sandnes, er open om at han var tydeleg kritisk til den nye ordninga. For han er det viktig at spleiselaget har forplikta både organisasjonane og Den norske kyrkja på eit misjonssamarbeid.

– Kyrkja mistar midlar og organisasjonane mistar moglegheiter. Eg fryktar at misjon blir nedprioritert i bispedømma, men det vil tida vise, seier Sandnes.

Han synest prosessen rundt saka har vore god, og håpar på det beste, men seier han er usikker på korleis situasjonen ser ut om tre år.

– Røynda vil tale for seg sjølv. Det blir talas tale. Heldigvis skal SMM-samarbeidet halde fram, sjølv om det blir i nye former, avsluttar misjonsrådgjevaren.

Ivar Sandnes, misjonsrådgjevar Agder og Telemark bispedøme



Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kirke