Bøker

– Vil utvikle seg i Hauges ånd

4.400 kom til det nye Olav H. Hauge-senteret i opningshelga.

– Vi meinte vi hadde eit godt program, men vi ante ikkje at publikum ville ta det så godt imot, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Torsdag ble det nye Olav H. Hauge-senteret opna under Ulvik poesifestival. Meir enn 4.400 deltok på arrangementa i helga.

– Gjestene skryter av basisutstillinga i Hauge-senteret og seier den er så innhaldsrik at dei må tilbake fleire gonger for å få med seg alt. Då har vi oppnådd det vi ville, seier Grepstad.

– Vi lagar utstillingar som inviterer gjestene til å vere aktive, er analoge der vi kan og digitale berre der vi må, og det har mange takka oss for desse opningsdagane.

Eit kraftsentrum

Sigmund Løvåsen, leiar i Den norske Forfatteforening, opna senteret.

– Hauge-senteret ser ut til å ville utvikle seg i Hauges ånd: Med ope blikk og ei hand retta ut mot all verdas poesi, mens andre handa er planta i Ulvik-jord og Hauges forfattarskap. Eg vonar dette ikkje berre blir eit senter, men eit kraftsentrum for poesi, for litteratur, sa han i opningstalen.

LES OGSÅ: Utryddingstrua blomst inspirerte poesiverk

Grønn poesi

Olav H. Hauge-senteret er ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum og har ope fem dagar i veka, heile året.

– Eit betre grunnlag kunne ikkje dette nye nasjonale senteret for lyrikk i mange former ha fått, og desse dagane syner korleis Hauge-senteret og Ulvik poesifestival styrkjer kvarandre, seier Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Bruker poesi i klimakampen

Årets festivaltema var «Grøn poesi», og Øyvind Rimbereid og Nils Henrik Asheim avslutta med «Orgelsjøen» med i ei fullsett kyrkje søndag ettermiddag.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker