Nyheter

Mulualem Fikadu sendt med tvang til Etiopia – får hjelp av familie i Norge

TVANGSRETUR: Ein etiopiar er sendt tilbake. Torsdag morgon landa Mulualem Fikadu i Addis Abeba. Hadde det ikkje vore for ein familie i Norge, hadde han stått på gata.

– Dette er ein stor urett. Mulu skulle fått bli i Norge, seier Nina Djærff til Vårt Land.

Mulualem Fikadu, eller Mulu som han blir kalla av familien som tok hand om den einslege, mindreårige asylsøkjaren, kom til Norge for 15 år sidan.

I februar blei han pågripen av politiet og frakta til Politiets utlendingsinternat på Trandum, like ved flyplassen på gardermoen.

Sett på gata utanfor flyplassen

Onsdag kveld blei Mulu ført om bord på flyet som går frå Gardermoen til Addis Abeba. Saman med han reiste tre polititenestepersonar frå Politiets utlendingseining (PU), fortel Djærff.

– Vel framme tvinga dei Mulu til å signere eit dokument, slik at han kunne gå av flyet og inn i Etiopia. Han blei skyssa gjennom flyplassen og sett på gata utanfor. Siste ord frå etiopiaren som eskorterte han ut var «velkommen, lukke til».

Djærff snakka med Mulu torsdag morgon, etter at han hadde kome fram til Addis Abeba.

på

«Mulu blei veslebror min»

Det var Torunn Bottegård frå Åmot i Modum kommune som tok hand om tenåringen for 15 år sidan. Ho er mor til Nina Djærff. Ho meinte han hadde det betre hjå familien enn på asylmottak.

– Han blei veslebror min, seier Djærff om mannen som i dag er 30 år, og som ho tok avskil med på internatet på Trandum på onsdag.

Storfamilien i Åmot har stilt opp for Mulualem Fikadu, hjelpt han med utdanning, jobb og store helseproblem, Sjølv har Fikadu kalla Torunn Bottegård for «mor».

Hans eigen far er død, og mora kjenner han ikkje lagnaden til.

Dette er ein stor urett. Mulu skulle fått bli i Norge

—   Nina Djærff

Skal tvangssende fleire til Etiopia

I februar og mars aksjonerte politiet mot menn og kvinner frå Etiopia som oppheldt seg i Norge, og som har nekta å reise heim.

21 personar blei internerte på PUs internat på Trandum. I mars kom etiopiske styresmakter på besøk. Før Norge får tvangssende etiopiarar til heimlandet, må Etiopia ha avklart identiteten til dei som skal reise med einvegsbillett.

Norge signerte ein returavtale med Etiopia i 2012.

Hjelper han med losji og kost

Mellom dei som fekk grønt lys til tvangsretur, var Mulualem «Mulu» Fikadu.

– Han fekk svært lite med seg, ein genser, ei bukse, eit par sandalar og ein mobiltelefon, fortel Djærff.

– Kva hjelper de han med?

– Me har skaffa han eit rom på eit hotell no i starten. Han kjenner ingen i Etiopia, han har vore vekke frå landet i 15 år.

Kan trygt vende heim

Fikadu har fortalt UDI og UNE at han blei fengsla som 12-åring, saman med mor og bror. Grunnen var at faren var aktiv i OLF – Oromo Liberation Front, ein organisasjon som kjempar for den etniske gruppa oromoane, og som difor er stempla som ein terroristorganisasjon.

Søknaden om asyl i Norge blei avslått. Fikadu kan trygt returnere til Etiopia, meiner UDI og UNE.

UDs reiseråd seier nei

Nina Djærff fortel at planen var at ho skulle følgje Fikadu til Etiopia, om han blei tvangssendt. Men reiseråd frå Utanriksdepartementet sette ein stoppar for dette.

Departementet rår frå nordmenn om å reise grunna «en flytende og kompleks sikkerhetssituasjon».

– Men det er trygt å sende Mulu, det er ikkje til å forstå, seier Djærff.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter