Nyheter

UDI ville gje asyl til alle kvinner frå Afghanistan - Mehl nekta

ASYL: UDI ønska å endra norsk asylpraksis, slik at alle kvinner frå Afghanistan har rett på asyl. Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) sette foten ned – og viste til risikoen for auka asyltilstrøyming.

I Noreg er det 233 kvinner og jenter frå Afghanistan som har ei ubehandla sak i Utlendingsdirektoratet UDI.

Hadde direktoratet sjølv kunne bestemma, kunne desse kvinnene og jentene hatt asyl i Noreg i dag.

Dokument Vårt Land har fått innsyn i, viser at UDI alt i starten av februar ønska å legga om norsk asylpraksis. Den ville ha sikra alle kvinner frå Afghanistan asyl på generelt grunnlag.

Endringa kunne ha blitt sett i verk 9. mars.

Men i starten av mars sette justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) foten ned.

No jobbar UDI med ein søknad om å få lov til å endra praksis. Justisdepartementet har inga frist på å svara på denne førespurnaden.

Begrensningene i kvinners rettigheter i Afghanistan er blitt så omfattende, og har så alvorlige konsekvenser for afghanske kvinner at det etter en samlet vurdering utgjør forfølgelse

—  UDI i brevet til Justisdepartementet

UDI: Kvinner blir forfølgde

FN kallar Afghanistan det mest kvinneundertrykkande landet i verda. Situasjonen til kvinner har blitt forverra sidan den islamistiske rørsla Taliban tok tilbake makta i Afghanistan i august 2021.

9. februar sende UDI eit brev til Justisdepartementet. Her opplyser direktoratet at dei planlegg å endra asylpraksis. Dei viser til at situasjonen for kvinner og jenter var blitt ytterlegare forverra det siste halvåret.

I orienteringa skriv UDI at dei legg til grunn at kvinner og jenter frå Afghanistan på generelt grunnlag har ein velgrunna frykt for forfølging.

«Vi viser til at begrensningene i kvinners rettigheter i Afghanistan nå er blitt så omfattende, og har så alvorlige konsekvenser for afghanske kvinner at det etter en samlet vurdering utgjør forfølgelse.»

UDI viser også til praksis i land vi samanliknar oss med. Både Sverige og Danmark har bestemt å gje asyl til kvinner frå Afghanistan på bakgrunn av kjønn.

Også EUs asylbyrå har tilrådd at det å vera kvinne i Afghanistan bør gje rett til asyl i EU-land. UDI peiker på at utsegna ikkje er bindande for EU-land, men at medlemsstatane har plikt å ta denne i betraktning ved behandling av asylsøknader.

Peikar på auka tilstrøyming av asylsøkarar

Brevet er underteikna UDI-direktør Frode Forfang og Wenche Fone, direktør for beskyttelse. I brevet skriv dei at ny praksis vil bli sett i verk tidlegast fire veker fram i tid, som er 9. mars.

Ei veke før dette, 2. mars, set Justisdepartementet foten ned. I eit brev til UDI skriv Justisdepartementet at dei ønsker å bli forelagt denne praksisendringa. Då er det opp til departementet å godkjenna endringa.

r

Justisdepartementet skal i visse tilfelle godkjenna praksisendringar i saker knytt til utlendingslova. I brevet viser departementet til ein instruks som listar opp tilfella der UDI må søka om godkjenning.

Departementet viser spesielt til kriteriet om praksisendringar som vil kunne føre til «ein ikkje ubetydeleg auka tilstrøyming av asylsøkarar frå visse land eller grupper.»

UDI skriv i orienteringa frå februar at ei praksisendring vil kunne føra til at fleire asylsøkarar får asyl. Dette gjeld ikkje berre kvinner, men også ektefellar og søner under 18 år.

---

233 ubehandla søknader

Ferske tal frå UDI viser at det er 233 ubehandla søknader frå kvinner og jenter frå Afghanistan. Fordelinga er slik:

  • 61 afghanske kvinner og jenter har ein søknad om asyl til behandling.
  • 8 afghanske kvinner og jenter har ei klage på asylsaka til behandling.
  • 151 afghanske kvinner og jenter har ei sak om tilbakekalling av opphaldsløyve til vurdering.
  • 13 afghanske kvinner og jenter har ei sak om utvising til vurdering.

---

Moralministeriet stenger kvinner ute frå parkar

I vurderinga frå UDI viser dei til eit ferskt notat frå Landinfo, som skildrar situasjonen for kvinner og jenter i Afghanistan:

  • Kvinner har innskrenka adgang til skule, utdanning, helse og arbeid.
  • Lova som kriminaliserer vald mot kvinner er oppheva og krisesenter er stengt.
  • Moralministeriet har bestemt at kvinner ikkje har tilgang til offentlege parkar, treningssenter og badehus.
  • Kvinner som ikkje har eit mannleg følge – sokalla mahram – kan haldast i arrest i inntil 48 timar.

Har ikkje frist å svara

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) har tidlegare vore tydeleg på at ho ikkje vil gje asyl til kvinner frå Afghanistan basert på kjønn.

– Eg ser det ikkje som aktuelt å gje vern til kvinner frå Afghanistan på generelt grunnlag no, skreiv Mehl i ein e-post til Vårt Land for to veker sidan.

Ho peika då på at utgangspunktet i norsk asylforvalting er at alle asylsøknader skal bli behandla individuelt.

– Dette er langvarig praksis, og ein viktig føresetnad for tillita til asylinstituttet og rettvis behandling av asylsøkarar, skreiv ho.

Samstundes viste Mehl til at Justisdepartementet har bede UDI om ei nærare utgreiing, og at departementet ventar på tilbakemelding frå UDI.

Presseavdelinga i UDI opplyser at direktoratet no jobbar med å senda ut søknaden om å få godkjent ei praksisendring. Dei opplyser at Justisdepartementet ikkje har frist på å svara på denne.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter