Nyheter

Krev å få vite kvifor me sender soldatar til Mali

HEMMELEG: Raudt krev at statsrådsprotokollen om kvifor Norge deltek i den franskleia, militære Mali-styrken blir offentleg. Partiet viser til kva Stortinget sa etter Libya-krigen.

– Når Norge sender soldatar til eit land med militærkuppregjering som gjer bruk av russiske leigesoldatar, så må det norske folk få innsyn i grunnlaget for avgjerda, seier Seher Aydar, Raudts medlem i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, til Vårt Land.

Norge hadde knapt fått henta heim dei siste kampsoldatane frå Afghanistan, i juni i fjor, før Solberg-regjeringa, i juli, varsla at norske soldatar skulle på nytt oppdrag. Til det vestafrikanske landet Mali.

Krev offentleggjering

No kjem det for ein dag at Mali-oppdraget blei handsama i statsrådet, altså Kongen i statsråd som regjeringa held på Slottet vanlegvis kvar fredag.

Men den kongelege resolusjonen om å sende norske soldatar til Mali valde Solberg-regjeringa å halde hemmeleg. Sjølv om reglane seier det motsette: «Kongelige resolusjoner bør som hovedregel skrives slik at de kan offentliggjøres i sin helhet.»

Mali-resolusjonen blir kjent i innstillinga frå Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité som kjem tysdag. Komiteen har behandla statsrådsprotokollane for tidsrommet 1. januar til 30. juni 2021.

Raudt ønskjer at innhaldet i resolusjonen også må bli kjent og fremmar difor eit forslag i komitéinnstillinga:

«Kongelig resolusjon om deltakelse i den franskledete Takuba-styrken i Mali offentliggjøres».

– No blir det opp til Stortinget å avgjere om det skjer, seier Aydar. Ho ber Støre-regjeringa om å vere opnare enn Solberg-regjeringa.

Rødt vil prioritere flomberedskap etter stortingsvalget til høsten, lover andrekandidat Seher Aydar (Rødt). Valgløftet kommer etter ekstremværet som har herjet i over tre verdensdeler de siste ukene. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Demokratisk kontroll

Ho forklarar kvifor så må skje:

– Opinionen må få kunnskap om grunnlaget når norske soldatar skal bli sendt til konfliktar og krig. Slik kan me ha ein demokratisk kontroll med kva oppdrag dei blir sendt ut på.

Raudt meiner at opinionen, media og politikarar skulle fått høve til å etterprøve vedtaket til regjeringa – og når det ikkje var mogleg i fjor, så må det bli mogleg no.

– Alle må få vite kva som låg til grunn for den kontroversielle avgjerda om å sende norske soldatar til nok ein stormaktsleia militæroperasjon i Afrika, seier Aydar og dreg fram Norges deltaking i Libya-krigen i 2011.

---

Mali-operasjon

  • Norge skal sende soldatar for å delta EUs militære operasjonen i Mali, kalla Takuba.
  • Operasjonen er leia av Frankrike.
  • I ei pressemelding skreiv dåverande forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) dette om oppdraget: «Denne operasjonen er sentral for å hindre at militante islamistgrupper skal få ytterligere fotfeste i Sahel».
  • Operasjonen skal «håndtere de økende sikkerhetsutfordringene, spesielt fra ISIL i Sahara», melde Forsvarsdepartementet (FD).
  • Den norske Takuba-styrken skulle reist i fjor haust, men ventar framleis på ein avtale med Mali.

---

Tillit til regjeringa

Raudt viser at alle parti minus SV i 2019 stilte seg bak oppmodinga «Kongelige resolusjoner som omhandler norske styrkebidrag til internasjonale operasjoner, bør etter flertallets syn som hovedregel offentliggjøres».

Det vil styrkje tilliten til «regjeringas beslutningsgrunnlag», meinte Stortinget då det behandla rapporten om Libya-krigen. I 2011 deltok Norge i krigen mot regimet til Libyas Muammar Gaddafi.

Libya-utvalet, leia av tidlegare utanriksminister Jan Petersen (H), leverte også ei tipunkts sjekkliste som regjeringar bør gjere bruk av før ein fattar vedtak om militære utanlandsbidrag.

LIBYA: Norske jagerfly slapp 588 bomber under den NATO-ledede krigen mot Libya i 2011.   Det er 100 ganger mer enn i alle bombeangrepene Norge gjennomførte mellom 1945 og 2011, skriver Rødt-leder Bjørnar Moxnes. FOTO: LARS MAGNE HOVTUN/NTB SCANPIX

---

Mali

  • Republikk i Vest-Afrika, tidlegare fransk koloni.
  • Folketal på rundt 18 millionar.
  • Opprør i 2012, væpna grupper i nord ønskte ein eigen stat, Azawad.
  • Frankrike har hatt soldatar i landet sidan 2012, no har ein EU-styrke tatt over, Takuba.
  • Takuba har 400 soldatar frå Frankrike, Belgia, Danmark, Estland, Italia, Nederland, Portugal, Sverige og Tsjekkia.
  • Norge skal sende soldatar via det svenske bidraget.

---

Sverige reiser heim

I desember blei det kjent at Norge og 14 andre vestlege land fordømte utplasseringa av russiske leigesoldatar i Mali. Kuppregimet har hyrt personell frå det russiske selskapet Wagner, som leiger ut soldatar.

Sist veke kom meldinga om at Sverige trekkjer seg ut av Takuba. Forsvarets forum skriv at den svenske regjeringa meiner aktiviteten til Wagner i Mali er «uakseptabel».

I Høgre, som sat med både utanriksministeren og forsvarsministeren i Solberg-regjeringa, ønskjer ein ikkje offentleggjering av resolusjonen.

– Eg har ikkje behov for meir informasjon, seier forsvarspolitisk talsmann Hårek Elvenes.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter