Nyheter

Milliardærar hjelper KrF og Venstre

RAUSE GÅVER: Regjeringspartia KrF og Venstre slit tungt under sperregrensa. Med rause milliongåver frå fleire av Norges rikaste menn skal partia bli redda over den magiske fire prosents grensa.

Det er skilnad på parti. Fleire får. Nokre får mykje. Andre lite eller ingenting.

KrF var lenge i siste kategori.

Fram til fredag hadde berre to private gjevarar – to lokale selskap på Sørlandet, Lydia AS og G. Eiendom Holding AS – bladd opp for partiet. Agder KrF har fått til saman 75.000 kroner slik at det kan kjempe for å få listetoppane Kjell Ingolf Ropstad og Jorunn Gleditsch Lossius på Stortinget.

Så sende KrF ut gladmeldinga: Stein Erik Hagen og Christer Sveaas gjev ein million kroner kvar til valkampkassa til partiet.

– Gåvene syter for at KrF får høve til å løfte fram KrFs politikk, seier generalsekretær Geir Morten Nilsen og forklarar at dei to millionane skal brukast på ein spissa reklamekampanje – noko partiet aldri ville hatt pengar til hadde det ikkje vore for gåvene.

Veljarane skal vite kven som støttar partia økonomisk. I valår har partia difor ei særleg plikt til å rapportere inn gåver over 10.000 kroner som kjem i perioden 1. januar og fram til sjølve valet.

Inne på milliardærlista

KrFs to gjevarar ligg begge på Kapitals liste over Norges 400 rikaste. Hagen er nummer 7 med 33 milliardar i formue, medan Sveaas er nummer 20 med 8,9 milliardar.

– KrF er ein viktig del av den borgarlege regjeringa, opplyser Sveaas til Dagen og fortel at han vonar at Solberg-regjeringa skal halde fram å styre landet.

Utover desse fire gåvene har Rogaland KrF fått 475.000 kroner frå Rogaland KrFs fylkestingsgruppe, og Agder KrF har fått 400.000 kroner frå Agder KrFs fylkestingsgruppe.

Oslo  20120216.
Investor, milliardær og trader Øystein Spray Spetalen holder foredrag på FrPs finansfraksjon på Stortinget. 
Foto: Anette Karlsen / NTB scanpix

Pengemenn blar opp

Det andre regjeringspartiet som strevar med å få draget på veljarane, Venstre, har til no i år samla inn vel 2,85 millionar. Oversikten frå Partifinansiering.no viser at fleire av landets rikaste menn har von om eit sterkare Venstre etter valet i september.

Stein-Erik Hagen har henta ein million i banken og sendt summen til Venstres partikontor, via familieselskapet Canica.

Investoren Øystein Stray Spetalen har via selskapet Ferncliff gjeve Venstre 250.000 kroner, medan eigarane av majones- og margarinkonsernet Agra yter 200.000.

Investoren og meklaren Jan Petter Sissener hadde 100.000 han kunne avsjå til det liberale partiet.

Partiet får også ein del gåver der summen ligg under grensa for registrering på 10.000. Nokre ønskjer å gje under radaren.

—  Marit H. Meyer, generalsekretær i Venstre

Elles er Venstre studieforbund ein raus gjevar internt i partiet. Og ein av Venstres statsrådar, næringsminister Iselin Nybø, har spandert 20.000 på Rogaland Venstre.

– Venstre er glade for kvar krone som kjem inn. Partiet får også ein del gåver der summen ligg under grensa for registrering på 10.000. Nokre ønskjer å gje under radaren, forklarar generalsekretær Marit H. Meyer.

Då partiet i januar feira at det var 137 år, fekk Venstre inn rundt 300.000 til valkampkassa frå smågjevarar.

Foto: Berit Roald / NTB

Null til Sentrum

KrFs kristelege partikonkurrentar har få og ingen gjevarar.

Partiet De Kristne har fått 200.000 kroner frå ein utvandra nordmann, Geir Tønnessen i Colorado Springs, USA, medan Brødrene Freberg AS i Barkåker har gjeve 100.000. Lokallaget PDK Gjøvik har fått 11.000 kroner frå selskapet Anmatec Norge AS.

Ingen har sendt pengestøtte til Kristent Samlingsparti.

Same lagnad rammar det nyskipa partiet Sentrum, som har fenga mange tidlegare KrF-tillitsvalde og veljarar.

LO gjev mest

Landets rausaste gjevar kunngjer offentleg kva dei deler ut til kven.

I år løyver LO heile 23 millionar kroner til valkampen til tre parti – eller ti millionar meir enn ved førre stortingsval. Fagrørsla gjev Arbeidarpartiet 15 millionar og SV fem, medan Senterpartiet må nøye seg med tre millionar.

---

Partifinansiering

  • Politiske parti blir finansierte på fleire måter: offentlig støtte, gåver og bidrag, eiga forretningsverksemd og interne overføringar.
  • Partiloven krev at alle alle parti og partiledd å gje opp opplysningar om rekneskap og gjevarar.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter