Nyheter

Konflikt i Jørpeland menighet: No har arbeidsmiljøet blitt granska

Medlemmar i kyrkjelyden frykta at soknepresten skulle bli fjerna etter ein konflikt på arbeidsplassen, og kravde uavhengig hjelp. Verken fellesrådet eller Stavanger-biskopen vil kommentere detaljane i den nye rapporten.

I juni storma det rundt Jørpeland menighet i Ryfylke. Ei personalkonflikt på menighetskontoret kom til overflata, og fleire av medlemmane frykta at sokneprest Bård Boye skulle bli flytta til ein annan kyrkjelyd.

Då sendte ei gruppe medlemmar i Jørpeland menighet eit støttebrev for soknepresten til Stavanger bispedømme, Ryfylke prosti, Stand kirkelige fellesråd og Jørpeland menighet. Der ba dei om uavhengig hjelp. No har ein ekstern rapport kome.

Rapporten stadfestar utfordringar

Verken Strand kirkelige fellesråd og Stavanger-biskopen vil kommentere innhaldet, men sender ei felles pressemelding.

Der skriv dei at denne eksterne kartlegginga av arbeidsmiljøet blei presentert for dei tilsette sist veke. Dei peiker på at dei har jobba med å styrke arbeidsmiljøet i kyrkjelyden sidan konflikten blei kjent.

«Rapporten gir en grundig beskrivelse av arbeidsmiljøet, og bekrefter utfordringene som har vært kjent. Nå er det vårt ansvar som arbeidsgivere å ta informasjonen (...) med i det videre arbeidet på en hensiktsmessig måte», skriv kyrjeverge i Strand, Trond Hjorteland og stiftsdirektør i Stavanger bispedømme, Jorun Kraft Vistnes, i pressemeldinga tysdag.

Haldt ikkje gudsteneste – avviser avsetjing

Nyleg blei det igjen uro blant medlemmar i kyrkjelyden. Sundag skulle sokneprest Bård Boye haldt gudstenesta i Jørpeland kyrkje, men i staden var det Sigrid Sigmundstad, prost i Ryfylke prosti, som møtte. Det har ført til nye spekulasjonar, mellom anna i eit støtteforum for sokneprest Bård Boye på Facebook. Det var Strandbuen som omtala denne saka først.

Til Vårt Land understreker stiftsdirektøren i Stavanger bispedømme at Bård Boye ikkje har blitt fråtatt retten til å halde gudstenestar i Jørpeland kyrkje:

«Sokneprest Bård Boye bad selv om å bli fritatt fra å ha tjeneste i gudstjenesten på grunn av den rådende situasjonen i menigheten. Han er tilbake på jobb i dag», skriv Jorun Kraft Vistnes i ein epost.

– Snur alle steinar

Stavanger-biskop Anne Lise Ådnøy har «gjennom lang tid jobbet grundig med å snu alle steiner i denne vanskelige saken». I pressemeldinga blir det opplyst at det nye i rapporten «hjelper oss til å vite mer om hvordan det er best å ta disse utfordringene videre».

Ut over dette vil ikkje stiftsdirektøren gå ut med detaljar om kva dette betyr for det vidare personalarbeidet, men:

«... (vi) kan forsikre at vi fortsetter slik vi har gjort: å ta ansvar og jobbe grundig gjennom samtaler og kartlegging med å finne løsninger for Jørpeland», heiter det i pressemeldinga.

Slår ring om soknepresten

Støttegruppa «Vi som syns Bård Boye er en super prest!» har no 630 medlemmar på Facebook.

132 personar har òg signert eit opprop som slår ring rundt Boye.

LES MEIR:

Kåring av «Norges styggeste kirke» vekker reaksjoner

Kari Rørstads far var døende, men fikk ikke drikke på sykehuset

Bjørn Eidsvåg: – Min lavkirkelige bakgrunn lærte meg at dette skulle forstås bokstavelig

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter