Nyheter

Trur på val i Syria

Staffan de Mistura har verdas vanskelegaste – og viktigaste jobb.

FNs spesialutsending har ein plan. Han snakkar om eit vegkart til fred. I Syria.

Staffan de Mistura minnar om at minst 240.000 menneske er drepne sidan fredelege demonstrasjonar i mars 2011 – med krav om meir demokrati – utvikla seg til full borgarkrig. Han minnar om at 12 millionar syrarar har flykta frå heimane sine; åtte millionar internt i Syria, fire millionar ut av landet.

LES OGSÅ: Syrisk biskop: – Dere er svake i troen

Vegkart

Inspirert av det FN-diplomaten omtalar som suksessmøter i Wien, dreg han opp dette vegkartet:

Først nasjonal våpenkvile i Syria over nyttår, så forhandlingar mellom regimet til president Bashar al-Assad og opprørsgrupper, så utarbeide ny grunnlov for til slutt å avhalde parlaments- og presidentval – alt saman gjort innan året 2017 er historie.

– Dialogen i Wien var konstruktiv, seier Staffan de Mistura der han står i regjeringas representasjonsanlegg rett bak Slottet i Oslo. FNs spesialutsending til Syria er på Norges-besøk, og har nett avsluta eit morgonmøte med utanriksminister Børge Brende (H). Med seg frå møtet fekk den svensk-italienske veterandiplomaten det han ba om; politisk støtte til fredsarbeidet – og meir pengar til arbeidet.

LES OGSÅ: IS blodfargede mål er viske ut gråsonen mellom muslimer og ikke-muslimer

Utvald

Staffan de Mistura er ein av FNs mest etterspurde sendemenn. Tre gonger er han blitt plukka ut til å vere spesialutsending til land herja av krigar som har rive samfunn i fillebitar, sendt hordar på flukt og stenka jorda med blod.

Først i Irak 2007-2009, så Afghanistan 2010-2011 – og sidan i fjor sommar, Syria.

Svensk-italienaren – med adeleg familie på den italienske farssida – augnar at Syria kan ta store steg i rett retning på hans vakt. Han arva Syria-oppdraget frå to menn som gav opp å stoppe blodbadet som herjar det landet på femte året; FNs eks-generalsekretær Kofi Annan og FN-veteranen Lakhdar Brahimi.

Men no har vi eit heilt anna «momentum», meiner Staffan de Mistura. Når utsendingen skal forklare kvifor han augnar von akkurat no, dreg han fram tre forklaringar. Flyktningkrisa i Europa, framgongen til den såkalla Islamske staten og Russlands inntog i Syria-krigen har skapt det nye «momentumet».

LES OGSÅ: Sønnen overbeviste Jan Eggum om å synge for Syria

Von

– Ville ein for eit par månadar sidan drøymt om at representantar frå Russland og USA skulle sitje ved same bord, på same side og saman med FN, for å finne ein eller annen form for løysing for Syria? spør de Mistura, og snakkar om to rundebordssamtalar i Wien i haust.

Han svarar sjølv. Han ristar svakt på hovudet. Sidan borgarkrigen i Syria starta i mars 2011 har Russland stilt seg bak Syrias president Bashar al-Assad, og forsynt regimet med blant anna våpen. I september gjekk landet med i luftkrigen mot IS.

De Mistura peikar også på at i Wien møtest arvefiendane Iran, som støttar Assad-regimet – og Saudi-Arabia, som støttar opposisjonsgrupper i Syria. Det at desse to landa, som begge ser på seg sjølve som regionale stormakter, sit ved same bord i Wien, meiner de Mistura gjev grunn til optimisme.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Inkludere

Wien-suksess til tross, ei gruppe mangla ved forhandlingsbordet; dei syriske opprørsgruppene. Men desse har de Mistura møtt i Istanbul nyleg – og han meiner dei ser det same som han; ingen kan vinne krigen, berre ei politisk løysing kan stoppe krigen.

Ein aktør er det likevel ikkje plass til ved noko forhandlingsbord; den såkalla Islamske staten (IS). Difor meiner Staffan de Mistura at IS' potensielle tilhengjarar, ofte frustrerte og marginaliserte sunnimuslimar både i Irak og Syria, må bli inkluderte i dei politisk prosessane som kjem.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter