Nyheter

Trur Åpen folkekirke døyr

Åpen folkekirke er i ferd med å døy, hevdar Rolf Reikvam. – Vi har lukkast, svarer leiar Gard Realf Sandaker-Nielsen.

Klarar ikkje Åpen folkekirke (ÅF) å byggje organisasjonen i bispedøma og setje dagsorden, har dei inga framtid, hevdar Rolf Reikvam. Han er tidlegare stortingspolitikar for SV, og har vore med i organisasjonen i fleire år.

LES OGSÅ: Vigselssaken er død – hva nå?

Påverke

Å byggje ut ÅF som organisasjon er avgjerande for at dei skal påverke kva som skjer i Den norske kyrkje, meiner han. Då må ein få på plass lag i alle bispedøme, og ein må utarbeide eit program. Reikvam tok initiativ i Borg bispedøme og ba Åpen folkekirke sine medlemer i bispedømerådet organisere eit lag. Han fekk ingen respons, men veit ikkje kva som er grunnen.

Vonbroten

– Det er rett og slett ikkje engasjement. Eg er vonbroten og lei meg. Sjølv er eg ein gammal mann utan stort nettverk.

Åpen folkekirke klarer ikkje å setje dagsorden og skape debatt, meiner Reikvam:

– Vi er nødt til å få på plass kampsaker, elles har vi ikkje noko å gå ut til veljarane med fram til kyrkjevalet i 2019, seier Reikvam.

LES OGSÅ: Åpner for å legge ned Åpen folkekirke

Engasjere

– Går det ikkje an å påverke utan å vera ein brei organisasjon?

– Nei, det er heilt umogeleg å forvente innverknad og at folk skal delta i val om ein ikkje legg fram viktige saker. Det må vera noko som engasjerer. Mange av oss vil ikkje gidde å engasjere oss om ein ikkje får strukturar på plass, seier Rolf Reikvam som fyrst ytra kritikken på Facebook.

Meir aktiv

Leiar i Åpen folkekirke, Gard Realf Sandaker-Nielsen er glad for høge forventningar, men er ikkje samd i at ÅF er i ferd med å døy:

– Åpen folkekirke har dei siste to åra blitt meir og meir aktiv, ikkje mindre, og vi har lukkast godt med arbeidet så langt, skriv Sandaker-Nielsen i ein e-post til Vårt Land.

Han var opptatt i heile går og kunne ikkje verta intervjua. ÅF har rundt 400 medlemer og har sentralt plasserte tillitsvalde i alle bispedømeråd og i Kyrkjerådet, skriv han.

– Det tar tid å byggje en landsdekkjande organisasjon, spesielt når alt arbeidet vert gjort på frivillig basis med avgrensa økonomiske ressursar, skriv han.

LES OGSÅ: Sterke reaksjoner mot Åpen folkekirke

Lage lag

På årsmøtet i januar vart det vedtatt å ha aktive ÅF-lag i alle bispedømer. I bispedømer som Agder og Telemark, Hamar, Tunsberg og Oslo, har dei stifta lokallag, ifylgje Sandaker-Nielsen. I dei andre bispedøma er det planar om å etablere lag i haust:

– Eg er samd med Reikvam i at aktive lokallag er viktige for at Åpen folkekirke skal vekse vidare. Derfor skal dette prioriterast framover.

Tydeleg kyrkje

Rolf Reikvam vil ikkje overdrive gjennomslaget ÅF fekk i kyrkjevalet 2015 med 14-15 prosent oppslutning. Då stilte ÅF liste i alle bispedøme og gjekk til val på vigsel for homofile, noko som kom på plass i dei to siste kyrkjemøta. Er ein framtidig suksess avhengig av ei stor kampsak?

– Nei, både for oss aktive og dei som er meir perifere treng å få fram fleire saker som engasjerer, seier Reikvam.

– Kva saker meiner du er viktigast å setje på dagsorden?

– Eg vil ha ei sterk og tydeleg kyrkje. Det vert tydelegare at medlemmane i framtida må finansiere kyrkja. Kyrkja dessutan våge å vera tydeleg i forkynninga. Fok er opptatt av eksistensielle spørsmål. Og ho må verta tydelegare på det diakonale.

LES OGSÅ: Tolker gallup som Stålsett-kampanje

Ta vare på

– Sosialisten Reikvam vil at ei privatfinansiert kyrkje skal ta seg av dei som velferdsstaten ikkje klarar å hjelpe?

– Ja, eg er vonbroten over utviklinga. Det er vårt felles ansvar å ta vare på kvarandre, men når det ikkje skjer, og når velferdsstaten vert bygd ned, må kyrkja seie at det er feil – og vera der for folk som treng henne.

Les mer om mer disse temaene:

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme

Kjell Kvamme er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter