Nyheter

Tenner lys for Gud og menneskerettar

Konfirmasjonsundervisninga i kyrkja liknar meir og meir på opplegga til Human-Etisk Forbund, meiner forskarar, og tek til orde for samarbeid. I Åmot er samarbeidet allereie eit faktum.

Bilde 1 av 7

– Eg trur ein lærer mykje om verdiar i både kyrkjeleg og humanistisk konfirmasjon, sjølv om den eine typen er med religion og den andre utan, seier Celine Aletta Flinterud.

14-åringen skal konfirmerast til hausten. Denne kvelden, ein søndag, deltek ho og fleire andre konfirmantar på kveldsgudstenesta i Oppsal kyrkje. Det er kanskje 50 menneske til stades, dei aller fleste konfirmantar. Før gudstenesta er det kafé, med småkaker og saft.

Flinterud og dei andre ungdomane må delta på åtte gudstenester i konfirmasjonstida. I tillegg må dei møte opp til undervisning annankvar onsdag, totalt seks gongar.

– Kva tykkjer du om undervisninga?

– Det er gøy, men eg synest det er mykje av det same kvar gong, berre med nye tema, seier 14-åringen.

LES OGSÅ: Frå gudsfrykt til kondom på banan

Konkurrentane blir likare

Ifølgje kyrkjas plan for trusopplæring er målet med konfirmasjonen å vekke og styrke trua som blir gitt i dåpen. Målet med humanistisk konfirmasjon, i regi av Human-Etisk Forbund (HEF), er å styrke dei unge sine evner til å tenke sjølvstendig og kritisk.

Men nye opplegg, retta mot kyrkjelege konfirmantar, gjer at fleire trur dei to konfirmasjonsformene nærmar seg kvarandre.

– Mitt inntrykk er at kyrkja sine opplegg har blitt meir like det Human-Etisk Forbund køyrer på sine kurs, seier førsteamanuensis i religion, livssyn og etikk ved Universitetet i Tromsø, Bengt-Ove Andreassen.

Andreassens kollega, Bernd Krupka, meiner det er opplagt at kyrkja og Human-Etisk Forbund (HEF) blir inspirert av kvarandre, sidan dei er konkurrentar.

– Det er naturleg. HEF har vore ute med ein del gode innspel. Rollespel hadde HEF først, til dømes, og så kom kyrkja etter, seier Krupka, som er førsteamanuensis i religionspedagogikk, og som har observert mange konfirmantgrupper.

Nye opplegg

Under Kyrkjemøtet i april lanserte Blå Kors og Kyrkjeleg ressurssenter mot vald og seksuelle overgrep eit samtaleopplegg – Sunt og sant – for ungdom om rus og seksualitet. Éin del av opplegget er retta spesielt mot konfirmantar.

– Vi har tatt initiativ til dette, fordi ungdom treng rettleiing i grensesetjing, seier Gaute Brækken ved Kirkelig ressurssenter, som er ein av prosjektleiarane bak Sunt og sant.

– Vi meiner at det å gi ungdom hjelp til å snakke om seksualitet er førebyggande mot overgrep, både no og seinare i livet. Ungdom skal byrja å tenke sjølv.

– Korleis passar dette inn i kyrkjas definisjon av konfirmasjonstida?

– Vi ser på kristen etikk og har med konkrete døme på Dei ti bod. Men det viktigaste er å vise at kristen tru er relevant for det livet konfirmantane lever, og at dei kan finne rettleiing i trua, meiner Brækken.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sunt og Sant er eit opplegg som først og fremst er retta mot kyrkjelege ungdomsmiljø, og det er framleis under utvikling. Opplegget har mange likskapstrekk med prosjektet «Stopp kjærestevolden», som ressurssenteret Reform lanserte i fjor haust. 300 av årets konfirmantar i Tunsberg bispedøme har fått besøk av Reform.

– Heilt først har vi ein quiz om sex og samliv. Då kan vi bruke sterke verkemiddel, som bananar med kondom på. Det er sånt som ungdomen likar, seier rådgjevar i Reform, Live Mehlum.

LES OGSÅ: – Konfirmasjonen blir barnas første møte med klasseskiller

Deretter snakkar dei om dilemma ungdomane kan måtte ta stilling til.

– Kva er målet med opplegget?

– Å få konfirmantane til å tenke over ting heilt konkret, i deira eigne liv. Vi går gjennom situasjonar dei kan kome i seinare. Då er det godt å vite på førehand kva som er riktig måte å reagere på, meiner Mehlum.

Konfirmanten i sentrum

Jarle Sveen har vore kursleiar for HEF i Oslo og Akershus i ti år. Han fortel at alle opplegga til HEF må innom fire tema: kritisk tenking, humanisme, menneskerettar, og etikk og moral. Utover det varierer konfirmantopplegga frå stad til stad. Sveen meiner sjølv at rusmiddel er eit viktig tema å ta opp.

– Eg høyrer på kva konfirmantane tenker om ruskulturen i Noreg. Det er ikkje sikkert dei har det same inntrykket som meg, seier kursleiaren.

Uansett opplegg er det viktig at konfirmanten er i sentrum.

– Dei skal utvikle seg og bli utfordra på eigne tankar. Vår jobb er å få i gang diskusjonen mellom dei, seier Sveen.

Komande søndag er det humanistisk konfirmasjon i Oslo. Ein av dei som skal konfirmerast, er 15 år gamle Inga Angelica Undlien. Ho har gledd seg til kvar samling.

– Vi har mellom anna lært om urettferd og etikk. Ofte har vi fått ei historie, der vi skal diskutere om dei involverte tok riktige val eller ikkje, fortel ho.

Dei har også vore innom seksualitet. Det synest Undlien er bra.

– Vi lærte om forskjellege legningar. I tillegg var valdtekt eit tema. Då snakka vi om at begge må ha lyst om ein skal ha sex.

LES OGSÅ: Takk for gaven, sier konfirmant (78)

– Riktig retning

Tema som alkohol, seksualitet og festing har ikkje vore del av deira konfirmasjonsundervisning på Oppsal i år. Det synest Celine Aletta Flinterud og medkonfirmant Eirk Nagvik (14) er greitt.

Samtidig viser undersøkingar at konfirmantar generelt har eit høgt ynskje om å snakke om kjærleik og seksualitet, ifølgje Krupka.

– Viss vi samanliknar temaynskjer frå konfirmantar og kateketar, ser vi at kateketane er mest opptekne av truslæra, medan konfirmantane er mest opptekne av tema som handlar om deira eigne liv.

Krupka meiner dei nye opplegga, som Sunt og sant, går i riktig retning.

– Det er viktig å snakke om seksualitet og rusmiddel. Truslære og spørsmål om livet heng tett saman. Der kunne kyrkja vore tydelegare, meiner han.

Ynskjer samarbeid

Fleire av dei Vårt Land har vore i kontakt med, har tatt til orde for samarbeid mellom HEF og kyrkja. Bernd Krupka er blant dei som meiner det er ein veldig god idé.

– Vi lever i ei verd med forskjellege orienteringar. Det å bli utfordra på eigne meiningar og bli konfrontert med andre sine meiningar, er viktig. Det styrkar også eigen trusidentitet.

Ifølgje Krupka, og etter det Vårt Land har funne ut, er det berre éin plass i landet der eit slikt samarbeid skjer. I Åmot i Hedmark er prest Synnøve Sakura Heggem og Marie Edin Solheim i HEFs lokallag skjønt einige om at samarbeidet er givande både for dei og konfirmantane.

– Vi har éi felles samling per semester. Første gongen var vi på kino saman, andre gongen laga vi eit stort måltid. Begge gongane var poenget å bli kjent med kvarandre sine val, fortel Heggem.

– Ein annan gong kom HEF til kyrkja, slik at deira konfirmantar fekk vere der på andre premissar. Då laga dei til ein natursti med filosofiske spørsmål, der alle deltok.

– Byggjer ned fordommar

Ifølgje Solheim kom initiativet til samarbeidet frå ein konfirmant, for nokre år sidan, som lurte på om dei kunne treffe dei som hadde valt kyrkja. Ungdomane gir uttrykk for at dei ei svært nøgde med samarbeidet, seier ho.

– Dette er ein arena der dei kan seie viktige ting til kvarandre, utan å krangle. Det som er viktig, er å lære seg å respektere kvarandre sitt val. At ein må ha ein dialog med dei ein ikkje er einig med.

LES OGSÅ: Kallar konfirmasjonar for 'mini-bryllaup'

Prest Heggem er einig.

– Det å finne ut kva som er reelle forskjellar mellom oss, byggjer ned fordommar. Det finst ikkje nokon grunn til at vi ikkje skal møtast, seier ho.

Verken Heggem eller Solheim ser problematiske sider ved samarbeidet, og dei skulle ynskje fleire samarbeidde slik dei gjer.

– Vil forvirre

Sokneprest i Kjerringøy og tidlegare kateket, Hilde Fylling, er ikkje like positiv til samarbeid.

– Umiddelbart tenkjer eg at det vil forvirre kva konfirmasjonen er for noko. Delar av HEF-opplegget er sikkert flott, men for konfirmantane sitt utbytte har det nok meir å seie om vi blir flinkare til å samarbeide med andre kyrkjelydar. Eg ville heller prioritert det, seier Fylling.

Soknepresten meiner HEF og kyrkja har forskjellege mål.

– Eg veit ikkje om det er ei uttalt målsetjing for HEF, men eg har jo sett annonser som dei står bak, der dei oppfordrar folk til å melde seg ut av kyrkja. Så det kan tyde på at det er eitt av deira mål. Vi vil derimot at konfirmantane skal lære om trua. Då er det vanskeleg å samarbeide med nokon som vil det motsette, meiner ho.

Konfirmantane seier ja

Jarle Sveen i HEF er positiv til eit samarbeid med kyrkja, dersom dei kan finne ei løysing som kjem ungdomane til gode. Konfirmant Inga Undlien tykkjer også det kan vere ein god idé.

– Det kan vere at nokre som konfirmerer seg i kyrkja er litt humanistiske, eller at nokre som konfirmerer seg humanistisk er litt kristne. Det er viktig å snakke saman, meiner ho.

Dei unge i Oppsal kyrkje er delt i synet på samarbeid. Celine Flinterud meiner det kunne vore greitt, sidan det kunne ført til litt diskusjon. Eirik Nagvik er ikkje like sikker.

– Dei som konfirmerer seg borgarleg ville kanskje ikkje følgt så veldig godt med når vi kristelege konfirmantar snakkar om Jesus, trur han.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter