Slik skal ho stanse internasjonale spelselskap
Kulturminister gjev friske millionar, og vil fortelje norske pengespelarar at utanlandske spelselskap ikkje bidreg til å styrkje frivilligarbeidet.
Kulturminister Thorhild Widvey vil stoppe utanlandske spelselskap som omgår norsk lov.
Dorthe Karlsen
Hjelpeorganisasjonen Spilleavhengighet Norge jublar:
– Dette er eit kjempeflott tiltak. Reklamen for utanlandske nettspel, særleg casinospela, må stoppast. I haust registrerer vi at fleire melder om speleproblem, seier leiar Lill-Tove Bergmo.
Kulturminister Thorhild Widvey (H) har ansvar for både idretts-, spel- og frivilligpolitikken. Difor intensiverer ho kampen mot internasjonale spelselskap i regjeringas nye Handlingsplan mot spilleproblemer.
Bestill abonnement her
KJØP