Religion

Slik lever Nordens eldste muslimar

Tatarar i Finland er ein muslimsk minoritet i minoriteten. Sjølv ønskjer dei ikkje å vere synlege.

Imperial Matto ligg i ein av Helsinkis betre bydelar. Handknytte teppe utan prislappar fortel om ein butikk for kundar som kan betale for kvalitet.

– Å, det er alltid møblerte heimar som skal ha noko nytt, smiler teppehandlaren som byr på dyre persiske kvalitetar som Qum (heilag by i Iran), Tebriz (teppeby i Iran) og Isfahan (teppebi i Iran).

Namnet mannen helsar velkomen inn med avslører at han ikkje kan føre familiesoga langt tilbake i Finland:

– Irhan Nisametdin, seier han og rettar fram høgrehanda.

LES MER: Tyskere mest skeptiske muslimer

Reise tilbake

Krig og ufred har alltid ført folk ut på vandring. Slik også med Finlands første muslimske innvandrarar, tatarane, som også blei dei første muslimske innvandrarane i Norden.

I 1809 tapte Sverige Finskekrigen og måtte avstå Finland til Russland, som gjorde landet til eit storhertugdømme. Blant soldatane i den russiske hæren som kjempa i Finland var det tatarar, ei muslimsk folkegruppe som var heimehøyrande i muslimskdominerte område aust for Moskva. Men dei slo seg ikkje ned.

Det var først i perioden 1880-1920 at det blei snakk om ei reell innvandring av tatarar til Finland, fortel etnolog Niklas Huldén ved Åbo Akademi i ein presentasjon av Finlands minoritetar.

Irhan Nisametdins forfedre kom alle frå eit område i det gamle Russland; frå Nisnij-Novgorod. Tatarane kom til Europa og Russland då mongolane kom ridande på 1200-talet. I Russland slo den muslimske folkegruppa seg ned ved elva Volga.

– Etter at Sovjetunionen blei Russland, fekk vi høve til å reise tilbake slektstraktene og vitje familie. Vi opplevde at minoriteten blei litt større, fortel teppehandlaren i Helsinki.

LES MER: «At norske mannskulturer og verdier står i motsetning til muslimske er åpenbart et altfor enkelt bilde»

Nei til svin

Islam er den største religiøse minoriteten i dei fem nordiske landa. Muslimar har kome til Norden anten som arbeidssøkjande immigrantar eller som flyktningar som søkjer asyl.

– Eg er muslim, men samanliknar du meg med dei muslimane som har kome til Finland i nyare tid, har vi få ting felles. Vi tatarar legg vekt på integrering. Vi skal klare oss sjølve, og ikkje liggje samfunnet til last, seier Irhan Nisametdin.

EIGEN GRAVPLASS: I hovudstaden Helsinki har tatarane eigen gravplass. Her blir ingen andre muslimar gravlagt. Foto: Erlend Berge

- Har de ingen minoritetskrav som muslimar til storsamfunnet?

Nisametdin vippar på kontorstolen, bankar lighteren lett på teppet som dekkjer skrivebordet. Så kjem han på det.

- Eg hadde eit krav då eg avtente førstegongstenesta. Eg ønskte ikkje å få servert svinekjøt.

- Blei kravet innfridd?

- Ja, og det var ikkje mange argument som skulle til.

LES MER: Like mange muslimer som kristne i 2015

Nesten usynlege

200 meter nedanfor Imperial Matto ligg Suomen Islam-seurakunta, tataranes forsamling i Helsinki. At bygarden husar ei islamsk forsamling må du heve blikket for å sjå. Ein arabisk kalligrafi høgt oppe på husveggen og ein liten islamsk halvmåne på taket viser vegen til tataranes hus, som er ganske så lukka. Med unntak av ope hus kvar fredag, for turistar og andre nyfikne.

Korkje konvertittar eller muslimar frå andre land er svært velkomne, opplyser etnolog Huldén. Tatarane vil helst vere for seg sjølve.

Fire mil nord for Helsinki, i byen Järvenpää, ligg den første moskeen tatarane bygde i Finland - han var lenge også verdas nordlegaste moské. Akkurat som i hovudstaden er det berre ein liten halvmåne på taket som avslører at her held muslimar hus.

Søkjer ikkje merksemd

Suomen Islam-seurakunta er Nordens eldste offentleg godkjente muslimske forsamling. Landet som i EU lenge var kjent for å føre ein særs streng asyl-, flyktning- og innvandringspolitikk, blei det første kristne landet i Europa som godkjente ein islamsk organisasjon.

For Suomen Islam-seurakunta blei godkjent allereie i 1925, få etter at den unge, sjølvstendige nasjonen Finland innførde religionsfridom. Banda mellom Russland og Finland blei kutta då det mektige tsarriket i aust blei heimsøkt av ein revolusjon i 1917.

– Tatarane har ein lang tradisjon for å vere opne i religiøse spørsmål. Dei har aldri misjonert for islam, søkjer ikkje merksemd om religionen sin og krev ingen offentleg debatt, skriv minoritetsforskar Sabira Ståhlberg i ein analyse av tatarane for den finske tankesmia Magma.

LES MER: Norske muslimer bekymret for ekstremister

Blei teppehandlarar

Majoriteten av verdas sju millionar tatarar lever i dag i Australia, USA, Japan, Kina, Sentral-Asia, Tyrkia og Europa. Rundt 1.000 bur i Finland. Dei som kom i åra 1880-1920 blei freista til å bryte opp frå heimbyane i Russland for å søkje lukka i Finland som opplevde sterk økonomisk vekst.

- Eg er tredje generasjon teppehandlar, opplyser Irhan Nisametdin.  

Yrket blei ganske vanleg blant finske tatarar. Eldstesonen til Nisametdin har byrja å bli med på dei fire årlege innkjøpsreisene i austerveg.

TREDJEGENERASJON: Teppeselger Irhan Nisametdin på Imperial-Matto som han sjølv driv i Helsinki, Finland. Foto: Erlend Berge

Etnolog Niklas Huldén fortel at tatarane kom til Finland som jordbruksarbeidarar, men at dei brukte vinterhalvåret til å reise rundt som handelsmenn. Fordi mange gjorde det godt som pelshandlarar, blei pels og seinare teppe klassiske tatarnæringar i Finland. I Nisametdins nabolag i Helsinki er det fleire tatardrivne butikkar som sel teppe og pelsklede.

Sendt heim

Tatarane kom til Finland frå tsarens Russland. Sabira Ståhlberg forklarar den store viljen i mellomkrigstida til å integrere seg med éin stor, overhengjande fare:

Bli sendt tilbake til Sovjetunionen.

Mange finnar såg med stor mistru på alt russisk i åra etter revolusjonen som skapte ein mektig kommunistisk nabostat. Difor valde mange tatarar å melde seg til krigsteneste i åra 1939-1944. Først i vinterkrigen mot Sovjetunionen, så i framhaldskrigen mot same nasjon.

Likevel blei trusselen om heimsending forsterka av Finlands unnfallande politikk andsynes naboen i aust i etterkrigsåra, meiner Ståhlberg.

Manglar kvinner

90 år etter at finske styresmakter godtok at muslimar fekk sin eigen organisasjon, har Irhan Nisametdin ei stor bekymring.

- Vi tatarar vil aller helst gifte oss med ein tatar. Vi vil bevare språket, kulturen og religionen, fortel Nisametdin, og leitar litt etter dei neste orda:

- Vi manglar ... i dagens Finland er det underskot på tatariske kvinner.

- Korleis blir det løyst?

- Fleire finn seg koner i den tatariske republikken i Russland, i Tatarstan. Andre finn finske ektefellar, seier teppehandlaren og sukkar ut røykdottar etter eit magadrag av sigaren han røykjer på.

Eit verdsspråk

Språket limar tatarane i Finland saman. Tatarisk tilhøyrer den vestlege gruppa i den store familien med tyrkiske språk, som blir snakka frå Aust-Europa og Tyrkia, gjennom Sentral-Asia og Sibir til Aust-Asia.

– Skal du vere tatar må du lære språket. Difor snakkar vi tatarisk heime hjå oss, seier Irhan Nisametdin.

For å halde språket levande har tatarane i Finland vore opptatt av å gje ut bøker og tidsskrift, bruke tatarisk på festivalar og kulturarrangement – og i moskeane.

– Som teppehandlar er tatarisken umisteleg. Overalt kvar eg kjem på mine innkjøpsreiser, kan eg snakke med folk, seier Nisametdin, som er firespråkleg; tatarisk, engelsk, svensk og finsk.

– Men svensken min er rusten, vedgår han. Forsøket på å bli intervjua på svensk går raskt dårleg, og han skifter til engelsk.

LES MEIR Tok oppgjør med muslimsk kirkemotstand

Moderne finnar

Minoritetsforskar Sabira Ståhlberg meiner dei finske tatarane står andsynes tre store utfordringar. Minoriteten må evne å innlemme dei tatarane som ikkje snakkar tatarisk. Om språket forsvinn som etnisk markør blir gruppas sjølvbilete endra dramatisk, meiner ho.

Andre utfordring handlar om religion. Tatarane er jamt over sekulære og vil ikkje ha kontakt med andre muslimske minoritetar i Finland. Men islam er innvevd i den tatariske kulturen, så tatarane må forhalde seg til at dei muslimar om dei ikkje skal forsvinne, seier Ståhlberg.

Tredje utfordring er identitet. Tatarane må skape seg ein moderne identitet. Unge tatarar må evne å vere både tatarar og moderne finnar i eit fleirkulturelt Finland.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Oppdratt som muslim

Irhan Nisametdin likar ikkje spørsmålet:

- Korleis vil du reagere dersom eldstesonen kjem heim og fortel at kjærasten er finsk?

Han slår ut med hendene - og finn høveleg ord:

- Eg ville nok akseptert det, sjølv om det vil vere vanskeleg.

– Eg har gjort det eg kan. Eg har lært sonen språket. Eg har lært han å bli muslim.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion